Irrasjonelle grunnar til at eg lengtar etter å bu aleine

sleppa at nokon veit kva tid eg la meg og kva tid eg sto opp

sleppa å prata når eg har ein dårleg dag

kunna gå i pysjamas eller undertøyet eller naken og vera viss på at ingen plutseleg kjem

kunna ha tinga mine kor eg vil

kunna vaska klede og dusja når eg vil

vera aleine på kjøkkenet når eg lagar mat

sleppa å føla meg mindreverdig når eg lagar ferdigmat

kunna sjå videoar, prata i telefonen osb utan å måtta sitja på rommet og/eller ha øyreproppar

sleppa å koma heim til uventa gjester

sleppa å føla at ein må seia det er greitt når medbuar vil ha vors midt i veka

kunna ta imot sofasurfarar

sleppa å spørja om det er greitt når eg vil ha besøk

sleppa å føla meg som ein supernerd når eg sit og tastar medan medbuarar skravlar

sleppa å føla at eg må eta superfort så eg kan rydda kjøkkenet så medbuarar kan laga mat

sleppa å seia hei og hadet når eg berre vil gå og koma ubemerka

Lengtar du etter å bu aleine? Eller lengtar du etter å bu saman med nokon? Kvifor? (Irrasjonelle grunnar er like gode som rasjonelle.)

Kvardagen post-kyssesjuka

Jamvel etter ein er friskmeldt kan kyssesjuka sitja i kroppen veldig lenge. Eg blir framleis ganske lett sliten. Dette er eg ikkje vant med; i haust greidde eg å gjera hundre ting kvar dag og løpa frå møte til møte og eg var i stadig rørsle. No går ikkje det an. Frå dag til dag må eg bestemma meg for om eg orkar å gå ut av leilegheita, om eg orkar å gjera alt eg hadde tenkt eller berre noko av det, eller ingenting, eller, ja. De skjønar.

Men eg er med i eit prosjekt der ein blir utfordra til å prøva noko nytt kvar dag, og veldig mange av desse tinga er veldig overkomelege, sjølv for ein «recovering» som meg. Til no har eg fullført desse oppdraga: (fritt tolka og omsett)

– Destination unknown: Ta den første bussen til endestasjonen og utforsk. Eg tøyde reglane og tok den første t-bana til endestasjonen (som var Bergkrystallen), og det eg fann var ein Rema1000. Eg bestemte meg for å sjekka om dei hadde noko der som min lokale butikk ikkje har, og eg fann peanøttkjeks. Så eksotisk.

– Read-a-thon: Finn fram ei bok som har samla støv og les så mykje du rekk av den. Eg hadde lenge hatt lyst å lesa Little Women på nytt, så eg lasta ned e-boka (eg hadde ikkje ete på fleire dagar, så eg hadde ikkje styrke nok i armane til å halda oppe ei reell, fysisk bok) og las nokre kapittel. Den er himla fin.

– Here comes the sun: Sjå soloppgangen og solnedgangen og nyt augneblinken. Eg tok med meg ein av favorittmenneska mine på tur i Frognerparken på kvelden, og me fann verdas finaste solnedgang. Det var litt magisk. Eg fekk diverre ikkje sett nokon særleg soloppgang pga teite skyar, men eit par morgonar seinare såg ein utruleg fin ein frå kjøkkenvindauget og eg gløymte heilt kva eg hadde gått på kjøkkenet for.

– Tourist for a day: Ver turist i din eigen by. Denne fullførte eg same dag som solnedgangen. Først gjekk eg på min lokale kafé og prøvde maten og kaffien deira. Begge var ganske god. Så gjekk eg altså tur i Frognerparken. Det var det eg orka den dagen, men det kjentest som ein passeleg turistete dag.

– The eye-opener: Les eit blad du vanlegvis ikkje ville vald. Eg las eit svensk blad om kongefamilien/-familiar. Det var mange fine kjolar, men elles… ikkje så innhaldsrikt.

– Ah, sweet silence: Prøv å la vera å prata så lenge som mogleg, eller å teia i ein situasjon der du vanlegvis ville snakka ein heil del. Eg sat med ein gjeng som diskuterte utdanning og politikk og sånn og sa nesten ikkje eit kvekk.

No nærmar det seg slutten av januar, og eg kjenner på at eit prosjekt som dette burde funnest heile året. Så eg skal prøva å halda fram med det. Når eg er sjuk/postsjuk er det vanskeleg å ha faste forpliktelsar, fordi forma er så variabel. Men det går alltid an å gjera småting. Difor skal eg gi meg sjølv små (og kanskje iblant større) utfordringar jamnleg framover. Eg trur det er veldig sunt å prøva nye ting så ofte ein kan. Følg med om du vil.

Obligatorisk nyttårsinnlegg

DEL 1. LESING

Frå studiestart (i august) til i dag har eg lese iallfall desse bøkene (eg kan ha gløymt nokre få):

John Green: Looking for Alaska
John Green: An abundance of Katherines
Miranda July: Noone belongs here more than you
John Green: Paper Towns
Kristina Leganger Iversen: Hjartemekanikk
Lene Ask: Hitler, Jesus og farfar
Jon Fosse: Andvake
Sigrid Merethe Hanssen: Ingen heime
Alle vil hjem. Ingen vil tilbake
Jens Bjørneboe: Uten en tråd
Nick Hornby: Juliet, Naked
Ragnar Hovland: Under snøen
Neil Gaiman: Odd and the frost giants
Mary Shelley: Frankenstein

og ein heil del fagbøker, så klart. Det er ikkje så mange som eg helst ville, og det er nesten berre veldig korte bøker 😛 – men det er fleire enn førre semester og det har byrja å gi meg lesegleda tilbake. Sånt er fint!

I 2012 skal eg lesa endå meir.

DEL 2. MAT

Sidan eg flytta inn i ei leilegheit med eit ikkje-klaustrofobisk kjøkken, har eg laga eksponensielt meir mat enn før. Men eg har ikkje vore spesielt kreativ. Matpakkeprosjektet gløymte eg eigentleg heilt. Frykteleg teitt av meg. Likevel! Dette er ein slags siger. Grønsaker har blitt brukt. Kjøkkenutstyr har blitt brukt. Dette er bra.

I 2012 skal eg bli endå flinkare på å laga mat, og eg skal prøva å gjera det litt meir spanande. (Når eg blir frisk og får matlysten tilbake.)

DEL 3. KJÆRLEIKEN Å DI

Ikkje berre i 2011, men alltid, har eg vore ganske obsessed med å «finna nokon», og det har jo vore ein slags virvelvind, eller berg-og-dalbane, eller noko. Eg trur eitt av dei største problema med dette prosjektet er at eg alltid følgjer opp vener og veninners krav om å haldast oppdaterte, og vel så det, og pratar for mykje om ting som aldri blir noko av. Eg lever meg så veldig inn i tanken på ei framtid med den det måtte vera. Det er nesten flautt.

Sjølvsagt tenkjer eg på nokon på denne nyttårsaftan òg, men eg trur ikkje eg kjem til å stressa med det der i året som kjem. Altså:

I 2012 skal eg chillaxa med jakta på kjærleiken. Eg har ikkje tid til det der uansett. Pluss at eg har kyssesjuka. Yikes.

DEL 4. GAMLE FORSETT

I 2011…

… skal eg flytta hit og få det mykje, mykje betre.
… skal eg syngja i Kor Major, som har vore på Beat for Beat og er kjempeflinke og kjende for å ha godt miljø i tillegg.
… skal eg dansa igjen, kanskje tango og hiphop for å utfordra meg sjølv litt ekstra.
… skal eg ta 70 studiepoeng om alt går som eg vil.
… skal eg skriva meir brev og dagbok.
… skal fantastiske ting skje. Berre vent og sjå.

 

Flytta dit gjorde eg. Kor Major syng eg i. Fantastiske ting skjedde. Så det er ikkje så farleg med det andre.

I 2012 skal eg faktisk dansa igjen. Eg skal ta 70 studiepoeng. Eg skal skriva brev og faktisk senda dei.

DEL 5. OMG

Korleis skal eg få tid til alt det her?

Elva

(Dette er Saras julesong 2011. Eg veit ikkje kvifor julesongane mine berre er triste. Ja ja. Originalen heiter forresten «River» av Joni Mitchell, og om de kjenner songen, kan de høyra for dykk at eg (eller ho) drar ut a-lyden i ordet «havet», liksom.)

det nærmar seg jula
dei høgg ned eit tre
dei tenner alle lysa
og syng songar om julefred
eg ønskjer denne elva
kunne bera meg

det snør ikkje her heime
det er grønt som om våren
eg må koma meg bort
vera ein annan stad i år
eg ønskjer denne elva
ville bera meg

eg ønskjer elva høyrte meg og
førte meg til havet
eg ønskjer denne elva
kunne bera meg
min sorg var alt eg gav

Advent 2011

Hekkan, så mange julekalenderar ein blir bombadert med om ein berre er innom facebook og/eller twitter 1. desember. Eg blir litt dårleg av det. Sjølv har eg meir enn nok med desse to adventskalenderane, som eg tykkjer er ganske fine:

1. ALTERNATIV JULEKALENDER

Noko av det verste eg veit med denne tida av året er klisjé-julesongane, iallfall no når det er såpass tidleg og eg er nokså langt frå å kjenna julestemning. Difor er det utruleg godt med ukonvensjonell julemusikk. Viss du er som meg, gå hit og meld deg på lista, så får du ein song kvar dag. I fjor var det ei fantastisk blanding av sjangrar og bodskapar og alt det der, og noko for einkvar smak. Og du og du så umaterialistisk og miljøvenleg det er!

2. O MISTÉRIO DE NATAL

I år les eg Julemysteriet på portugisisk. Eg prøver, iallfall.

Hmm, kva tyder cordeirinho?

Å ja, lam tyder det.

Stopp opp og sei takk

På ein dag som denne, når ein er sjuk og aleine på Thanksgiving, utan mor sin mat og graskarpai, er det lett å bli sutrete. Men det er ikkje det Thanksgiving handlar om. Difor må det eit innlegg som dette til.

Eg er takksam for at eg bur i ein fantastisk by, at eg har eit superbra nettverk av venner og kjente, at eg har ein familie som er glad i meg uansett, at eg aldri har vore alvorleg sjuk eller i livsfare, at barnetrua framleis er litt intakt og at det finst utruleg mykje godt i verda om ein berre ser seg litt rundt.

Thanksgiving er eigentleg ein heilt genial tradisjon, og eg tykkjer dette landet eg bur i heller burde ta til seg den enn Halloween. Alle har godt av å stoppa opp, eta god mat saman med familien, og snakka saman om kva ein er takksam for. Om ein ikkje har god mat eller familie til stades, har alle godt av å gjera som eg har gjort: Kjøpa middelmådig takeaway, ringa heim og snakka lenge, og så setja seg ned og skriva ned kva ein er takksam for.

Vil alle eigentleg heim?

Eg har fått i oppgåve frå Ark Bokhandel å omtala boka Alle vil hjem. Ingen vil tilbake av Helga Flatland. Boka er kort og lettlesen, så eg tenkte det var fort gjort. Men det var i grunnen ikkje det.

Boka er skriven frå tri forskjellige forteljarar sin synsvinkel. Den første er Julie, som har mista broren sin og som prøver å få foreldra sine til å sjå henne. Den andre er Sigurd, naboen til Julie, som har mista ein han er veldig glad i og som slit med samvitet for det. Den tredje er Mads, kjærasten til Julie, som ønskjer seg ein familie på ordentleg.

Når eg prøver å oppsummera slik, føler eg ikkje at eg eigentleg seier dykk noko. Problemet er at det er særs vanskeleg å formidla kva boka handlar om, og kva kjensler ho vekkjer. Det er kanskje eit teikn på at ho ikkje framprovoserte like sterke reaksjonar i meg som eg gjerne skulle kjent.

Det eg tenkte medan eg las, var i stor grad: Denne boka er trist og treig. Det er i seg sjølv ikkje ein svakheit, for eg likar triste bøker. Akkurat denne traff meg berre ikkje. Ho er kanskje for upoetisk og stilleståande for meg. Eg likar tragediar som er turbulente og fargerike og som gir meg mageknip. Denne her gjorde meg berre trøytt og uinspirert.

Det nærmaste eg kom til å få ein skikkeleg reaksjon på boka, var der det verkeleg byrjar å gå inn på Julie at foreldra hennar ikkje kommuniserer med henne. Då fekk eg litt lyst til å gråta. Hadde berre den delen vore ein smule meir poetisk, så hadde eg kanskje grått. Det er nok berre at eg føretrekkjer dei bøkene som heilt reelt tvingar fram gråten.

Resten av tida var det diverre ikkje spesielt spanande. Det er alvorlege tema som blir tatt opp i boka, og mange kunne sikkert ha godt av å lesa om slikt, så eg skulle ønska det var gjort på ein meir elegant og kanskje rørande måte. Det eg sit att med, er ei takksemd for at eg er på talefot med foreldra mine. Elles har dette ikkje gått spesielt inn på meg.

Dessutan er eg litt i tvil om tittelen passar. Vil alle eigentleg heim?

Nerdetidsfordriv + popkultur

>Hei, eg såg du ringte men eg høyrer ingenting
Eg er på ein utestad med dårleg dekning
Kva kva kva kva sa du? å det bråkar så rundt meg
Eg kan ikkje høyra og det passar dårleg

Høyr her, det er yndlingssongen min dei speler no
Eg har ein drink i handa og eg må sånn på do
Du burde ringt meg tidlegare då eg hadde fri
Kan du «kje snart gi deg, eg har lågt batteri

Ta hintet, ta hintet, eg vil ikkje tenkja i kveld
Hjartet mitt høyrer til på dansegolvet
Ta hintet, ta hintet, eg vil ikkje prata i kveld
Hjartet mitt høyrer til på dansegolvet

Telefonen min drive og vibrere og gnage
For ein lyd det lage, for ein lyd det lage
Snart skrur eg heile driten av for dette e ein plage
Du ringe inn og klage
E det rart eg ikkje svare?

—-

Ser de kva song dette er? (Forresten, eg veit eg har blanda nynorsk og dialekt her, men den delen som er på dialekt er trass alt sungen av ein annan person enn resten 😉 Det passa berre best sånn!) Eg har eigentleg omsett heile songen, men er ikkje like nøgd med alle delane.

Ha ein fin fredag!

>Det hender eg er redd likevel.

>For ei tid sidan blei eg spurt kor i byen eg budde, av ei jente eg nettopp hadde møtt. Då eg svarte at eg budde på Alexander Kiellands plass, spurte ho om eg ikkje var redd. Det hadde visstnok vore ein valdtekt der nokre dagar før. Eg hadde ikkje høyrt om det, og trudde A.K. plass var ein trygg stad. Sidan har eg høyrt om fleire og fleire valdtekter som har skjedd på plassar kor eg ofte går og aldri har tenkt var spesielt shady.

Før var eg heilt uredd for denne byen. Eg visste at sjansen for at noko skjer med meg, er veldig lita. Det veit eg framleis, men noko i meg er blitt litt skremt. Det er ikkje lenge sidan eg sa at det nyttar ikkje å gå rundt og vera redd for at noko skal skje. Eg gjekk heim aleine utan å nøla. No har eitt eller anna skremt meg til å alltid sjå litt mistenksamt rundt meg viss eg skulle gå aleine når det er mørkt. Helst gjer eg ikkje det lenger.

Feministen i meg vil så veldig gjerne vera uredd og uavhengig, og våga å vera aleine, uansett situasjon. Eg ønskjer eg ikkje kjente det behovet for følgje heim. Men ting skjer, og ting kan skje med meg, og eg er ikkje fysisk i stand til å hindra det om eg er aleine. Når eg har følgje heim, tenkjer eg ikkje lenger på at «no har eg nokon med meg som kan banka opp valdtektsmennene», men eg gløymer at slikt er mogleg, og føler meg trygg.

Eg lurer på om behovet for å føla meg trygg er i ferd med å utkonkurrera behovet for å føla meg sjølvstendig. Det plagar meg nesten meir enn alle valdtektene.

Om me jenter alltid gjer alt me kan for å unngå farlege situasjonar… Tyder det då at me tar ansvar for oss sjølve, eller at me lar frykten gå inn på oss? Korleis burde me jenter tenkja og oppføra oss når me er ute om kvelden? Kva kan gjerast for at jenter skal bli uredde? Kva meiner du?