Mine tankar

Min feminisme

Kvinner skal bli tatt på alvor anten dei har på seg skjørt eller dress, og uansett hårfarge.

Mora skal ikkje automatisk vera rekna for best eigna som foreldar.

Menn skal ikkje ha strengare fengselsstraff enn kvinner.

Kvinner skal ikkje ha lågare lønn enn menn.

Det skal ikkje vera skilnad på promiskuøse jenter og gutar.

Mine grep:

Eg skal gå med skjørt når eg føler for det, og eg skal kreva rettane mine.

Eg skal ikkje ta noko bullshit fordi eg er kvinne.

Mine tankar om skjønnheit

Moteblada tar feil.

Dei som skal selja noko, er ikkje til å stola på.

Ingen skal få fortelja oss korleis me burde sjå ut.

Alle er vakre, og alle er stygge. Nokon er berre sjukt gode på å kamuflera ting.

Mine grep:

Eg skal kasta moteblada mine, minus dei artiklane som er positive.

Eg skal ikkje kjøpa dyre skjønnheitsprodukt som er dårlege for meg.

Eg skal ta vare på huda mi, men det skal ikkje vera det eg tenkjer på i kvardagen.

Eg skal prøva å ha ein sunn og glad kvardag, for det er slik eg blir vakker.

Mine tankar om tru

Kyrkja har ikkje rett i alt.

Ein kan ikkje vita at ein har vald rett.

Kristne er ikkje forplikta til å vera lukkelege.

Det er meiningslaust å be ei (memorert) bøn berre av pliktkjensle.

Mine grep:

Eg skal gå i kyrkjer som lar meg vera både gladkristen og tristkristen.

Eg skal lesa forskjellige tekstar som utfordrar det eg alltid har tenkt.

Eg skal senda eit vink til Gud i ny og ne, men eg skal ikkje be ferdigskrivne bøner med mindre dei seier nett det eg vil seia.

Eg skal prata om tru når høvet byr seg, men eg skal ikkje påstå at eg har rett.

Mine tankar om tida framover

Det er ikkje krise at eg ikkje veit kva eg skal gjera dei neste 40 åra.

Det er lov å prøva ut ting, og det er lov å mislukkast.

Det er lov å ombestemma seg, vera spontan, gjera noko anna enn ein «bør».

Det er lov å ta seg fri.

Mine grep:

Eg skal ta det som det kjem.

Eg skal finna ein måte å dekka nødvendige utgifter på. Elles skal eg gjera det som kjenst meiningsfullt.

Eg skal ta eigne val, og eg skal seia nei når eg ikkje vil og ja når eg vil.