Det nye året

No er me to veker inni det nye året, så det er kanskje på sin plass med eit slikt nyttårsinnlegg.

Lat meg først berre seia at eg ikkje greidde eitt einaste av fjorårets nyttårsforsett, men eg hadde eit fantastisk år likevel. Til dømes møtte eg endeleg eit menneske som eg kan seia at eg elskar.

Men eg trur 2013 kan bli endå betre. Det er viktig å tenkja slik, ikkje sant? Nyttårsforsettet mitt i år er uvanleg enkelt: Eg skal sussa meir og sutra mindre. Til no har det gått nokså bra.

I tillegg til å ha nyttårsforsett trur eg det er lurt å ha nokre planar som er litt lausare, men som ein likevel har veldig lyst til å få til. Nokre av mine planar/mål/ting eg har lyst til å gjera, men som ikkje er nyttårsforsett, er:

  • Lesa minst 24 bøker som ikkje er pensum
  • Stå opp 7:30 kvar dag (9:00 i helgene)
  • Kvitta meg med ein synleg mengde av rotet mitt
  • Laga endå betre mat
  • Få ein god studierutine
  • Gå på nokre songtimar att
  • Dansa, symja og sykla
  • Skriva noko som er verdt å lesa

Me får sjå korleis det går.