Eg er titanium

og det er du òg!

I dag trengte eg å høyra Titanium som eg ofte gjer på litt mismodige dagar. Denne versjonen er utan tekst, men nydeleg.

Nokre minutt før såg eg at både fizzylimon og zefrank på youtube snakka om korleis ting betrar seg dersom ein søker hjelp, og zefrank sa noko som «I don’t think the pain makes me weak, I think it makes me more capable». Akkurat som ein får herda hud på føtene etter å ha dansa på tåspissane ei stund, og så blir det lettare og mindre smertefullt å dansa. Sånn cirka slik.

Eg trur det er noko i det at menneske er «titanium». Både kroppen og hovudet tåler så utruleg mykje. Men når ein fell ut av eit tre er det lov å ha vondt i rumpa, og det er fint om nokon er der og gir ein kakao. Om ein møter emosjonell motgang er det lov å kjenna på at det er kjipt, og det er fint om nokon er der og lyttar (og/eller gir ein kakao). I går unnskulda eg meg til min kjære for at eg var sutre-Sara, og han sa berre «det er lov å ha vondt». For ein perfekt reaksjon, kva?

Av ein eller annan merkeleg grunn føler eg at fysisk smerte er verre dersom ingen er der og ser meg gråta/gjera grimasar. Dei treng eigentleg ikkje gjera så mykje, men det at dei er tilgjengelege for å gi klem er nesten betre enn all den smertestillande medisinen eg har tilgjengeleg. Det er kanskje noko av det same med emosjonell smerte. Tilgang på klem kan vera livreddande.

Når smerte går over, hugsar ein ofte ikkje kor ille det var. Så held ein fram med å leva livet, klatra i tre eller kva ein vil, sjølv om ein nok veit at det er farleg å leva og klatra i tre, og sjølv om ein veit at ein kan få vondt i framtida òg, men det kjenst såpass godt å leva og klatra i tre at me gjer det likevel. Dét, og venner som lagar kakao eller gir klem eller massasje eller lyttar, trur eg gjer oss til titanium.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *