A few of my favorite things

Dette kjem sikkert til å bli bittelitt materialistisk og teitt, men eg har berre lyst til å visa fram nokre av my favorite things.

Sengeteppa mine! Det eine har mor hekla, det andre har gudmora mi «kvilta».

Sinte fuglar! Her i brusform.

Skjørt frå Moods of Norway, med masse hjarte på.

…og foret!

Eg elskar Valpolicella generelt, har ikkje smakt på akkurat denne enno, men den er no fin å ha på utstilling òg!

Sjokolade frå Divine, det beste fairtrade-konseptet eg kjenner til. Nydeleg!

Bilete frå etsy, utruleg søt illustrasjon av kjærleik mellom nerdar 🙂

Stileg bilete eg fekk av ei av verdas kulaste damer!

«Sleight of heart» av Malcolm Middleton. Perfekt samling av poetisk f***skap.

 

Dette er sikkert berre del 1, så følg med!

Eg er titanium

og det er du òg!

I dag trengte eg å høyra Titanium som eg ofte gjer på litt mismodige dagar. Denne versjonen er utan tekst, men nydeleg.

Nokre minutt før såg eg at både fizzylimon og zefrank på youtube snakka om korleis ting betrar seg dersom ein søker hjelp, og zefrank sa noko som «I don’t think the pain makes me weak, I think it makes me more capable». Akkurat som ein får herda hud på føtene etter å ha dansa på tåspissane ei stund, og så blir det lettare og mindre smertefullt å dansa. Sånn cirka slik.

Eg trur det er noko i det at menneske er «titanium». Både kroppen og hovudet tåler så utruleg mykje. Men når ein fell ut av eit tre er det lov å ha vondt i rumpa, og det er fint om nokon er der og gir ein kakao. Om ein møter emosjonell motgang er det lov å kjenna på at det er kjipt, og det er fint om nokon er der og lyttar (og/eller gir ein kakao). I går unnskulda eg meg til min kjære for at eg var sutre-Sara, og han sa berre «det er lov å ha vondt». For ein perfekt reaksjon, kva?

Av ein eller annan merkeleg grunn føler eg at fysisk smerte er verre dersom ingen er der og ser meg gråta/gjera grimasar. Dei treng eigentleg ikkje gjera så mykje, men det at dei er tilgjengelege for å gi klem er nesten betre enn all den smertestillande medisinen eg har tilgjengeleg. Det er kanskje noko av det same med emosjonell smerte. Tilgang på klem kan vera livreddande.

Når smerte går over, hugsar ein ofte ikkje kor ille det var. Så held ein fram med å leva livet, klatra i tre eller kva ein vil, sjølv om ein nok veit at det er farleg å leva og klatra i tre, og sjølv om ein veit at ein kan få vondt i framtida òg, men det kjenst såpass godt å leva og klatra i tre at me gjer det likevel. Dét, og venner som lagar kakao eller gir klem eller massasje eller lyttar, trur eg gjer oss til titanium.