Om å fullføra

Det å faktisk fullføra og bli ferdig med prosjekt er noko eg ofte… ikkje gjer. Så det er noko eg må læra meg, særleg sidan eg er i ferd med å starta på det siste året i bacheloren eg tar. (Det at eg kjem til å byrja på ei ny utdanning neste haust er irrelevant her. Eg skal jo fullføra noko, sjølv om det ikkje blir det siste eg gjer. Om de skjønar.)

I sommar har eg mellom anna øvd meg på å lesa ferdig bøker, i staden for å starta på dei og så gløyma dei. Dei finaste bøkene eg fullførte i sommar, var Pride and Prejudice og The Princess Bride. Dei var fantastiske.

Eg byrja å omsetja denne songen ein dag for lenge sidan, og i dusjen i dag fullførte eg den. Den er supercheesy og høyrest litt ut som eit ungdomsskuledikt, men den er ferdig.

Kor skjønt det er at du er glad i meg
Eg søkte trøyst i ei god varm famn
Der var du
Eg søkte ein som forsto når livet storma og brann
Der var du
Du ga meg kjærleik og glede
Og rørte hjartet mitt med det
No vil eg sei: Takk, min kjære
Eg vil berre sei: Takk, min kjære
Kor skjønt det er at du er glad i meg

Eg lukkar augo i kveld
Lurer på kor eg ville vore utan deg her
Alt eg gjorde var meiningslaust
Livet kjentest som ein lang og kald haust
Men du gir dagen min glede og lys
Med ein kjærleik så god på så mange vis
No vil eg sei: Takk, min kjære
Eg vil berre sei: Takk, min kjære
Kor skjønt det er at du er glad i meg

Du er betre enn eg nokon gong har kjent
Du er den eg vil ha, og det er ingen konkurrent
No vil eg sei: Takk, min kjære
Eg vil berre sei: Takk, min kjære
Kor skjønt det er at du er glad i meg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *