The Dictator – ei slags filmmelding

I går var eg ei av 20 personar som fekk sjå The Dictator som dei første i Noreg. Det var ei spesiell visning for «vanlege» brukarar av sosiale medie. Me fekk òg sushi, sprudlings og jordbær. Etter filmen var det øl og prat, og eg oppdaga at desse folka var ganske kule.

The Dictator er, som de sikkert veit, det nyaste påfunnet til Sasha Baron Cohen. Dette gjorde meg by default litt skeptisk, fordi eg ikkje likte Borat noko særleg (eg trur humoren min har evolva ganske kraftig sidan den kom ut, då). Elles visste eg ikkje kva eg skulle forventa i det heile.

Filmen handlar om ein diktator, Aladeen, som havnar i trøbbel fordi broren (?) hans prøver å få innført demokrati i landet deira. Ein amerikansk torturist barberer av han skjegget, og då er det ingen i New York som kjenner han att. Han må byrja å jobba i ein fairtradeøkologiskfeministiskaltmoglegpolitiskkorrekt butikk i håp om å få kome seg inn på FN for å stansa signeringa av ei ny grunnlov. Sjølvsagt fell han for den hårete butikksjefen som er sjølve representasjonen av demokrati. Dette blir vanskeleg.

Konseptet i filmen er ganske morosamt. Det at protagonisten vår er ein dum diktator legg til rette for ganske mykje latter. Og det blei det. Filmen er full av overraskande morosame augneblinkar: Når ein pasient får høyra at han er HIV-Aladeen og prøver å skjøna om det er gode eller dårlege nyhende, når Aladeen påpeikar kor utdaterte torturinstrument som er i ferd med å bli brukt på han, og den superkleine bruken av songen A moment like this… berre vent og sjå.

Så var det vel ikkje anna å forventa enn at slutten blei som den blei. Eg skal ikkje røpa noko i tilfelle de vil leva i eit slags håp om at den vil overraska, men eg måtte himla litt med augo. Likevel sat eg att med kjensla av å ha blitt grundig underhaldt og at SBC igjen hadde greidd å vera original.

Ein tanke om “The Dictator – ei slags filmmelding

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *