Undervegsvurdering

Først kan eg nemna desse her nyttårsforsetta mine. Dei går vel så som så. Førebels ligg lesinga greitt an, både det skjønnlitterære og det faglege får plass, og eg er blitt raskare til å lesa, så det er kjekt. Eg lagar bittelitt meir mat sjølv enn i fjor, og litt meir spanande enn i fjor. Dette har forbetringspotensiale. Dansing har det blitt forsvinnande lite av, og det skal eg gjera noko med. Brevskrivinga kjem seg!

Så er det eitt nyttårsforsett eg på ein måte er glad for at backfire’a. Eg skulle «chillaxa med jakta på kjærleiken». Det gjorde eg forsåvidt òg, eg prøvde ikkje spesielt hardt å «finna nokon», men likevel dukka det opp eit fantastisk menneske som fekk meg til å drita i at eg eigentleg ville konsentrera meg om andre ting enn dating ei stund. Ehe. Eg kunne rett og slett ikkje noko for det! Meir om han seinare, kanskje.

Desse to åra på Blindern har lært meg eit par ting om meg sjølv. Eigentleg mange ting, men nokre har konsekvensar for livet mitt og framtidsplanane mine. 1) Eg er nerd. Spesielt når det gjeld språk. 2) Eg har meir til felles med realistar enn humanistar, sånn generelt. 3) Eg er eigentleg litt oppteken av jobb og sånn likevel. 4) Eg vil ikkje bu i Oslo resten av livet.

Konsekvensane av dette er kanskje at eg kjem til å søka meg inn på informatikk om eit år. Så skal eg kanskje bruka nokre år på det, før eg flyttar til ingenmannsland.

Det er vel fleire ting som kunne undervegsvurderast og rapporterast og slikt, men no tar eg kvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *