Få ting gjort

Her om dagen såg eg ein video der ei jente på om lag min alder skulle nemna ting ho var flink til, og det eine ho nemnte var at ho var flink til å få ting gjort. Ho hadde rett og slett ikkje det problemet (eller den uvana) eg trur veldig mange av oss (kanskje særleg studentar) har: Prokrastinering. Oi, tenkte eg då. Tenk å vera slik som henne. Seinare (i dag ved lunsj) snakka eg med to bra damer om kor skadeleg, sårande, frustrerande og slitsamt prokrastinering kan vera. Etter desse to hinta tenkjer eg:

Eg må ta grep.

Men korleis tar ein grep, og får ting gjort? Eg trur ikkje det er så enkelt som til dømes mange utålmodige foreldrar seier det, at det berre er å skjerpa seg og berre gjera det. Eg trur det ligg noko frykteleg vanskeleg bak, og eg trur det krev ei omveltning og ein heilt ny tankegang for å snu vana. Men eg veit ikkje kva slags omveltning og kva slags tankegang.

Tel det som prokrastinering å lesa seg opp på prokrastineringspsykologi?

Irrasjonelle grunnar til at eg lengtar etter å bu aleine

sleppa at nokon veit kva tid eg la meg og kva tid eg sto opp

sleppa å prata når eg har ein dårleg dag

kunna gå i pysjamas eller undertøyet eller naken og vera viss på at ingen plutseleg kjem

kunna ha tinga mine kor eg vil

kunna vaska klede og dusja når eg vil

vera aleine på kjøkkenet når eg lagar mat

sleppa å føla meg mindreverdig når eg lagar ferdigmat

kunna sjå videoar, prata i telefonen osb utan å måtta sitja på rommet og/eller ha øyreproppar

sleppa å koma heim til uventa gjester

sleppa å føla at ein må seia det er greitt når medbuar vil ha vors midt i veka

kunna ta imot sofasurfarar

sleppa å spørja om det er greitt når eg vil ha besøk

sleppa å føla meg som ein supernerd når eg sit og tastar medan medbuarar skravlar

sleppa å føla at eg må eta superfort så eg kan rydda kjøkkenet så medbuarar kan laga mat

sleppa å seia hei og hadet når eg berre vil gå og koma ubemerka

Lengtar du etter å bu aleine? Eller lengtar du etter å bu saman med nokon? Kvifor? (Irrasjonelle grunnar er like gode som rasjonelle.)