Kvardagen post-kyssesjuka

Jamvel etter ein er friskmeldt kan kyssesjuka sitja i kroppen veldig lenge. Eg blir framleis ganske lett sliten. Dette er eg ikkje vant med; i haust greidde eg å gjera hundre ting kvar dag og løpa frå møte til møte og eg var i stadig rørsle. No går ikkje det an. Frå dag til dag må eg bestemma meg for om eg orkar å gå ut av leilegheita, om eg orkar å gjera alt eg hadde tenkt eller berre noko av det, eller ingenting, eller, ja. De skjønar.

Men eg er med i eit prosjekt der ein blir utfordra til å prøva noko nytt kvar dag, og veldig mange av desse tinga er veldig overkomelege, sjølv for ein «recovering» som meg. Til no har eg fullført desse oppdraga: (fritt tolka og omsett)

– Destination unknown: Ta den første bussen til endestasjonen og utforsk. Eg tøyde reglane og tok den første t-bana til endestasjonen (som var Bergkrystallen), og det eg fann var ein Rema1000. Eg bestemte meg for å sjekka om dei hadde noko der som min lokale butikk ikkje har, og eg fann peanøttkjeks. Så eksotisk.

– Read-a-thon: Finn fram ei bok som har samla støv og les så mykje du rekk av den. Eg hadde lenge hatt lyst å lesa Little Women på nytt, så eg lasta ned e-boka (eg hadde ikkje ete på fleire dagar, så eg hadde ikkje styrke nok i armane til å halda oppe ei reell, fysisk bok) og las nokre kapittel. Den er himla fin.

– Here comes the sun: Sjå soloppgangen og solnedgangen og nyt augneblinken. Eg tok med meg ein av favorittmenneska mine på tur i Frognerparken på kvelden, og me fann verdas finaste solnedgang. Det var litt magisk. Eg fekk diverre ikkje sett nokon særleg soloppgang pga teite skyar, men eit par morgonar seinare såg ein utruleg fin ein frå kjøkkenvindauget og eg gløymte heilt kva eg hadde gått på kjøkkenet for.

– Tourist for a day: Ver turist i din eigen by. Denne fullførte eg same dag som solnedgangen. Først gjekk eg på min lokale kafé og prøvde maten og kaffien deira. Begge var ganske god. Så gjekk eg altså tur i Frognerparken. Det var det eg orka den dagen, men det kjentest som ein passeleg turistete dag.

– The eye-opener: Les eit blad du vanlegvis ikkje ville vald. Eg las eit svensk blad om kongefamilien/-familiar. Det var mange fine kjolar, men elles… ikkje så innhaldsrikt.

– Ah, sweet silence: Prøv å la vera å prata så lenge som mogleg, eller å teia i ein situasjon der du vanlegvis ville snakka ein heil del. Eg sat med ein gjeng som diskuterte utdanning og politikk og sånn og sa nesten ikkje eit kvekk.

No nærmar det seg slutten av januar, og eg kjenner på at eit prosjekt som dette burde funnest heile året. Så eg skal prøva å halda fram med det. Når eg er sjuk/postsjuk er det vanskeleg å ha faste forpliktelsar, fordi forma er så variabel. Men det går alltid an å gjera småting. Difor skal eg gi meg sjølv små (og kanskje iblant større) utfordringar jamnleg framover. Eg trur det er veldig sunt å prøva nye ting så ofte ein kan. Følg med om du vil.