Vil alle eigentleg heim?

Eg har fått i oppgåve frå Ark Bokhandel å omtala boka Alle vil hjem. Ingen vil tilbake av Helga Flatland. Boka er kort og lettlesen, så eg tenkte det var fort gjort. Men det var i grunnen ikkje det.

Boka er skriven frå tri forskjellige forteljarar sin synsvinkel. Den første er Julie, som har mista broren sin og som prøver å få foreldra sine til å sjå henne. Den andre er Sigurd, naboen til Julie, som har mista ein han er veldig glad i og som slit med samvitet for det. Den tredje er Mads, kjærasten til Julie, som ønskjer seg ein familie på ordentleg.

Når eg prøver å oppsummera slik, føler eg ikkje at eg eigentleg seier dykk noko. Problemet er at det er særs vanskeleg å formidla kva boka handlar om, og kva kjensler ho vekkjer. Det er kanskje eit teikn på at ho ikkje framprovoserte like sterke reaksjonar i meg som eg gjerne skulle kjent.

Det eg tenkte medan eg las, var i stor grad: Denne boka er trist og treig. Det er i seg sjølv ikkje ein svakheit, for eg likar triste bøker. Akkurat denne traff meg berre ikkje. Ho er kanskje for upoetisk og stilleståande for meg. Eg likar tragediar som er turbulente og fargerike og som gir meg mageknip. Denne her gjorde meg berre trøytt og uinspirert.

Det nærmaste eg kom til å få ein skikkeleg reaksjon på boka, var der det verkeleg byrjar å gå inn på Julie at foreldra hennar ikkje kommuniserer med henne. Då fekk eg litt lyst til å gråta. Hadde berre den delen vore ein smule meir poetisk, så hadde eg kanskje grått. Det er nok berre at eg føretrekkjer dei bøkene som heilt reelt tvingar fram gråten.

Resten av tida var det diverre ikkje spesielt spanande. Det er alvorlege tema som blir tatt opp i boka, og mange kunne sikkert ha godt av å lesa om slikt, så eg skulle ønska det var gjort på ein meir elegant og kanskje rørande måte. Det eg sit att med, er ei takksemd for at eg er på talefot med foreldra mine. Elles har dette ikkje gått spesielt inn på meg.

Dessutan er eg litt i tvil om tittelen passar. Vil alle eigentleg heim?

2 tankar om “Vil alle eigentleg heim?

  1. For det første: Hvordan kan en utpekt «lesevenn» fra Ark ha som nærmest eneste preferanse at hun vil ha «bøker som tvinger frem gråten»?

    Dette syns jeg var en dårlig lesning av deg – har du egentlig lest den ordentlig? Du har i hvert fall gått glipp av mye dersom du ikke kan si hva den handler om. Dessuten: Treig?! Alle jeg har snakket med sier at den er umulig å legge fra seg. Til og med Dagbladets anmelder.

    Dette er en av de beste bøkene jeg har lest i høst, både mht tema og språk. Skuffende tynn ogdårlig anm fra en av ARKs betrodde.

  2. Takk for tilbakemeldinga. Eg har omtalt boka subjektivt. Eg får ikkje betalt av Ark, og dei har ikkje stilt noko krav til meg om korleis eg skal omtala bøkene.

    Når eg les _triste_ bøker, føretrekkjer eg at dei verkeleg får meg til å reagera. Denne boka gjorde ikkje det. Problemet var at eg tykte ho var både trist og keisam – og slikt inspirerer meg ikkje. Det er vel lov å ha ulike opplevingar av ei bok? Berre fordi mange andre meiner ho er umogleg å leggja frå seg, tyder ikkje det at det er den «riktige» opplevinga.

    Eg kunne gjerne tenkja meg å høyra kva ved boka som rørte ved deg. Det er alltid spanande å sjå kor forskjellig folk reagerer på bøker og liknande.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *