>Reisesjuka, opplevingssjuka og kjærleikssjuka

>Om eit år er eg truleg og vonaleg i Brasil. Eg veit ikkje kor i landet, eller kor lenge eg blir der, eller kva eg skal finna på der. Alt eg veit er at eg skal til Brasil og gjera noko kult.

Ei stund trudde eg hovudgrunnen til at eg ville til Brasil var reisesjuka. Det vil seia at eg alltid er litt «annige» på å flytta på meg og sjå nye plassar og starta litt på nytt. Å ha heilt blanke ark idet eg blir kjend med nye folk er noko som appellerer til meg. Dei eg møter i Brasil treng ikkje vita korleis eg levde i Noreg. Dei treng ikkje vita om fortida mi og om kven eg var før. Så eg har kanskje litt reisesjuka sånn inherent.

Men eigentleg, no når eg har budd i Oslo i eit år, blir eg berre meir og meir glad i byen. Når eg høyrer songar om Oslo eller ser ein plass eg kjenner att på tv eller film, føler eg at dette er byen min, her er eg. Iblant minner eg meg sjølv på at Sara, du bur i hovudstaden. Om det er lenge nok sidan sist eg tenkte over det, kjenst det nesten like merkeleg som dei første dagane på Kringsjå. Samtidig er eg blitt så godt kjend og komfortabel her og eg har laga meg eit liv her og kvardagen min er her og dei eg er glad i er i stor grad her. Eg trivest, og det er ikkje berre noko eg seier til damene som klyp meg i kinna i kyrkja når eg er heime på ferie.

Så det er nok ikkje det at eg vil vekk herfrå som driv meg.

Steg to er at eg trur eg vil til Brasil fordi eg så lenge har tenkt at der kjem eg til å oppleva ting. Eg opplever ting i Oslo stadig vekk, då. Det skjer alltid masse spanande her. Men eg har aldri budd utanfor Noreg. Eg har aldri hatt advent om sommaren eller påske om hausten. Eg har aldri budd ein stad der dei ikkje snakkar førstespråka mine. Eg har aldri vore heilt tvungen til å finna meg eit heilt nytt sosialt nettverk. Eg har aldri vore i kjempepinlege situasjonar på grunn av kulturelle misforståingar. Altså, eg anar ikkje kva det er eg kjem til å oppleva i Brasil, men eg veit eg kjem til å oppleva ting og eg veit eg kjem til å skriva kjenslelada brev heim og eg veit eg kjem til å ha det fantastisk bra og forferdeleg kjipt og alt det andre som går an. Faktisk trur eg ikkje eg byggjer opp urealistiske forventningar no. Dette kjem til å vera noko heilt nytt.

Kanskje det rett og slett er opplevingssjuka som driv meg.

I mellomtida har eg alltid det litt større problemet: Kjærleikssjuka. Det er nokså lett å lata som ein tykkjer det er heilt greitt å vera aleine, men ærleg tala, denne lengta etter ekte nærleik er ein kronisk plage. Så på den eine sida vil eg bli her i tilfelle noko av det som ikkje gjekk så bra går bra likevel. På den andre sida vil eg, og trur eg stundom at eg bør, starta på nytt og vera sterk aleine. Men kva skjer om eg forelskar meg rett før eg reiser? Eller om eg forelskar meg i ein brasilianar? Eller eller eller. Det er så mykje som kan skje og så mange ting ein kan uroa seg for når ein har denne «fatale sjukdomen».

Eg trur allereie det kjem til å bli veldig vanskeleg å reisa. Men eg må.

>Google verb meme thing

>This is the google verb meme thing.

Sara needs a job.
Sara looks like a horse.
Sara says boutique.
Sara wants a manly man.
Sara does Japan.
Sara hates pants.
Sara asks Stephanie to prom.
Sara likes puny Alan.
Sara eats stuff.
Sara wears Garcia.
Sara was arrested for stabbing Tony in the arm (etc)
Sara loves life.

>Dette semesteret

>Til dei som lurer på kva eg gjer dette semesteret, her er the 411 i form av eit intervju med meg sjølv.

Sara, kva fag tar du eigentleg dette semesteret?
Eg tar exphil, fordi «dei» anbefalte å ta det i det tredje semesteret. Det verkar greitt så langt, og eg tykkjer folk overdriv litt med sutringa over dette faget. Eg tar òg innføring i portugisisk, i håp om å få forkunnskapar til å ta 40-gruppe i portugisisk, i håp om å gjera noko kult i Brasil ein vakker dag. Det siste faget eg tar no er morfologi 2. Det handlar om ord og sånn. Det er nerdete og nyttig (håpar eg).

Skulle du ikkje ta ein masse andre ting… sånn som astronomi og barnelitteratur?
Jo, og eg har ikkje gitt opp tanken på det, eg berre utset det litt. Sjansen for å kunna utveksla er visst betre viss eg følgjer det anbefalte studieløpet sånn cirka. Og eg tykte det var rart å ikkje ta eit einaste lingvistikkemne, så eg kunne ikkje dy meg.

Okei, så det er det du gjer på skulen.
Ja.

Kva anna gjer du, då?
På måndagar syng eg i verdas kulaste kor. Me har vore med i ein vakker musikkvideo og me skal spela inn CD og me er big in Germany og det er dritgøy. Me er òg smånerdete og covrar denne medleyen!
Elles sit eg i nokre styre.

Typisk deg. Kva styre då?
Per no: Studentmållaget i Oslo, Mål og Makt (tidsskriftet til SmiO), Motmæle (medlemsbladet til NMU), landsstyret i Norsk Målungdom, studentutvalet (eigentleg eit fagutval) på ILN (institutt for lingvistiske og nordiske studie)… er det noko meir då? Trurkje det.

Travel, du!
Litt.

Kva med dansen og sånn?
Det tar eg litt pause frå akkurat no, fordi det er crazy dyrt og eg har jo eigentleg ikkje tid heller. Men heile kroppen min saknar det inderleg.

Kva andre ting har du på gang / planlagt? Du har jo alltid masse prosjekt i… lufta? (Er det det det heiter?)
Baller i lufta, trur eg det er noko som heiter. Det har eg. Eg har til dømes ein ambisjon om å lesa 52 skjønnlitterære bøker frå studiestart haust 2011 til studiestart haust 2012, og helst i form av éi i veka, og ikkje liksom 40 i juleferien. For at det skal gå, må eg lesa MASSE på søndagar og oftast ganske korte bøker. Men det er betre enn ingenting! Hurra! Eit anna prosjekt har eg saman med fine lesesalbuddy Liv, og det skal dokumenterast på denne bloggen her, og det handlar om matpakkar! Me skal rett og slett bli flinke på å laga matpakkar. (Eigentleg er Liv allereie veldig flink.)

Korleis får du tid til venner?
Heldigvis driv ein god del av vennene mine med dei same tinga som meg. Hurra for felles interessar! (Resten ser eg med ujamne mellomrom, men det kjenst alltid som om no time has passed, lizm.)

Takk for intervjuet, og lukke til!
Takk i like måte 😉