>Kva er greia med visittkort for konfirmantar?

>Eg er blitt utfordra. Eg må skriva noko. Eg har fått eit tema. Temaet er rart.

Temaet er altså: «Kva er greia med visittkort for konfirmantar?» Eg veit ikkje kven det er som har gitt meg dette temaet. Men tusen takk, og ikkje ta det personleg om eg ikkje lever opp til forhåpningane dine.

Eg har aldri visst at det fanst visittkort for konfirmantar, let alone at det var ei greie. Så eg måtte googla det. Då fann eg mellom anna dette. Det fyrste som slår meg er: Desse ser meir ut som «sjå-me-har-fått-baby»-kort enn noko som helst som har med konfirmasjon å gjera. Men babybilete er alltid koseleg, så nuvel. Så ser eg at teksten på korta består av namn, telefonnummer og epost. Hmm. Okei, så det er faktisk visittkort, og ikkje invitasjon eller takkekort? Jaha. Okei. Kva bruker ein dei til?

Truleg har mykje forandra seg sidan eg var konfirmant. Det er jo seks år sidan. Ærleg tala er det blitt eit litt tåkete minne. Eg gjekk på Alpha-kurs der presten snakka om viktige ting og ingen høyrte etter. Me reiste til London og sov i ei kyrkje og eg blei forelska i ein medkonfirmant med atferdsproblem og litt sånn. Me kledte oss i kvite kappar ein dag i mai og knelte og veninna mi på 18 sa eg knelte fint. Venene til foreldra mine fylte huset og åt kjøt og tok bilete av meg og eg blei trøytt av å smila. Venene mine kom bort seinare på kvelden og eg hadde fest i garasjen og veninna mi på 18 overtydde meg om at eg kom til å finna kjærleik til slutt og litt sånn.

Eigentleg blei eg berre konfirmert fordi det ville vore himla rart om eg ikkje gjorde det, sidan eg hadde meldt meg inn i kyrkja på eige insj nokre få år tidlegare. Somme av venene mine konfa seg for gåvene og pengane. Det gjorde ikkje eg, for å seia det sånn. Eg hadde ingen norsk slekt som sendte pengar. Eg hadde amerikansk slekt som sendte kort. Det var veldig, veldig hyggeleg av dei, for eg veit ikkje om dei eingong heilt visste kva konfirmasjon var. Likevel: Eg er ikkje stolt av dette, men eg var litt bitter. Dette heng framleis litt igjen når eg høyrer om folk som framleis har konfirmasjonspengane sine på sparekonto. Men men.

Konfirmasjon er ei rar greie i seg sjølv. Nesten ingen gjer det av religiøse grunnar lenger, så eg skjønar ikkje heilt vitsen. (Teorien min per no er at norske besteforeldrar berre treng ein merkedag for å skjemma bort barnebarna sine.) Så det der med visittkorta er kanskje eit minimalt mysterium i den store konfirmasjonsrelaterte samanhengen.

2 tankar om “>Kva er greia med visittkort for konfirmantar?

  1. >Eg synes at det liknar på russekort. OG det virker like rart som at 1 klassinger på vidergående kan ha russekort om de vil. Rart…Men kul utfordring (:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *