>Ein bra type reklame

>Kjære lesar. Om du er som meg og ynskjer å gjera bra ting, så kan det henda at dette er noko for deg.

Du har heilt sikkert høyrt ein del om mikrofinans, særleg sidan 2006 då Muhammad Yunus og Grameen Bank fekk Nobels Fredspris for «advancing economic and social opportunities for the poor, especially women, through their pioneering microcredit work». Dette er bra greier, tenkte du kanskje då, og slo av tv-en. Du var kanskje 16 år og tenkte at det ikkje hadde noko med deg å gjera.

Men i dag (takk til Hank og John Green) fann eg ut at det er superduperlett å bidra ved hjelp av mikrofinans. Du treng ikkje vera ein bank, eller økonom, eller ha noko som helst med ein bank å gjera, eller kunna nokonting om pengar. Alt du treng er Paypal. Og det er det veldig mange som har. Og det er veldig lett å få.

Kiva.org gjer så heile jobben for deg. Dei tilsette hos Kiva vel ut prosjekt som dei vil skal finansierast. Det kan vera einskildpersonar eller grupper som treng eit lite lån for å starta opp ein bedrift, kjøpa ei ku eller ein symaskin eller… det er mange variantar. Du klikkar berre på ein person eller ei gruppe, kven som helst, og så trykkar du anten på «lend 25$» eller vel eit anna beløp. Så proceedar du til checkout, akkurat som du gjer når du handlar på internett (for det er det du gjer – berre at sjansen for at du får pengane tilbake er ganske stor! Statistisk sett over 98%), og loggar på Paypal og godkjenner og DER hjalp du nokon stort.

Så kan du følgja med på prosjektet, du får beskjed når prosjektet er «fully funded», og sånn. (Prosjektet eg valde blei fully funded i løpet av eit par timar.) Etter cirka eit halvt år skal du helst ha fått pengane tilbake. Utan renter, for dette er ikkje ei investering, det er eit mikrolån. Du skal ikkje tena pengar på det, men du skal aller helst ikkje «tapa» på det heller. Risikoen er der, for det er ikkje absolutt alle prosjekta som lukkast (pga makroøkonomi, naturkatastrofar, helseproblem…). Det må du vera klar over. Sjølv tykkjer eg det er ein heilt grei sjanse å ta. Når du vonaleg får pengane tilbake, kan du velja å låna dei vekk att, eller å «withdraw» dei til Paypal-kontoen.

Høyrest det bra ut?

Gå til Kiva.org og les meir eller berre gjer det. Det er trygt og lett og superbra.

>Tisekundssongen

>Dam dubidu dam dao
kama kama dam dubidu dam dao
kama kama dam dubidu dam dao
waking up is hard to do

Keep your alarm away from me
Don’t you wake me during REM sleep
If you do, I’ll be mad at you
«Cause waking up is hard to do

Remember when you said goodnight
And you tucked me in real tight
Come on babe, just let me snooze
«Cause waking up is hard to do

>Lyriske perler frå sumarleir

>Eg greier ikkje skriva eit veldig utfyllande, dagbokaktig blogginnlegg om sumarleiren. Difor vel eg heller å publisera dei av dikta eg skreiv på skrivekurset som blei lesne høgt, og songen eg og Heidi skreiv til melodikappleiken. Dikta har ikkje namn.

DIKT1
Før kunne eg ikkje dikta
No kan eg ikkje la vera
Å tjuvkikka på sidemannen

DIKT2
Ei kongle
Ein konge
Fall ned frå trona
Blei til ein øyredobb

SJÅ FOR DEG
(Melodi: John Lennon)

Sjå for deg ingen kjærleik
Og ingen målungdom
Ingen språk å slost for
Den gule ordlista er tom
Sjå for deg heile Noreg
Har gløymd Aasens arv
Buhuuu!

Ingen fortel ein løyndom
Det er aldri sumar meir
Vårt språk er på museum
Og vi på bokmålsleir
Sjå for deg marerittet
Bokmålsveldet vann
Buhuuu!

Du kan sei» at eg drøymer
Men eg har NMU
Eg håpar du vil bli medlem
Så vi kan sigra, eg og du

(modulasjon)
Sjå for deg det blir siger
Og nynorsk vinn sin rett
Målstriden er over
Bokmål på retrett
Sjå for deg heile Noreg
Skriv det norske språk
Juhuuu!

Du kan sei» at eg drøymer
Men eg har NMU
Eg håpar du vil bli medlem
Så vi kan sigra, eg og du!