>Obligatorisk spørjeskjema

>Eg forstår veldig godt viss de ikkje gidd å lesa dette. (Einskilde ting har forresten endra seg sidan eg fylte dette ut.)

1. Navnet ditt stavet baklengs?

A-R-A-S
2. Hvor ble foreldrene dine født?
Far i Chicago, Illinois. Mor i Oakland, California – trur eg.
3. Hva er det siste du lastet ned på PC-en din?
Eit arrangement av ein musikalsong som koret mitt skal bruka. Det var ein fil med heile arrangementet, og ein annan fil der fyrstealt var i føregrunnen.
4. Hva er favorittrestauranten din?
Eg likar så utruleg godt interiøret på Dattera til Hagen. Maten på Mangiamo er heilt nydeleg. Så ein av dei to.
5. Når svømte du sist i et basseng?
DET er lenge sidan, det. Eigentleg likar eg veldig godt å symja, men no har eg ikkje barbert meg på fleire månader, og då er det ikkje sånn superfreistande å ta på seg symjedrakta. Og så har eg berre ikkje hatt tid.
6. Har du noensinne deltatt i et skoleteaterstykke?
Ja, men berre VELDIG lågterskel. Eg er ikkje nokon skodespelar. Syngja og dansa, derimot, det kan eg litt.
7. Hvor mange barn vil du ha?
Ingen, trur eg eigentleg. Kanskje eit fosterbarn eller to.
8. Hva slags musikk misliker du sterkest?
Sånn som verken høyrest bra ut eller har noko innhald.
9. Har du stemmerett?
Ved kommunevalet på Sola? Ja. I Noreg, der eg bur? Nei. I USA, der eg er statsborgar? Nei. Er eg bitter? Ja.
10. Har du kabel-tv?
Ja, eller er det det det heiter? Har sånn der… Get. Har berre hatt det ei lita stund.
11. Har du noensinne kjørt moped?
Har sete bakpå eit par gonger, det kjentest veldig bra og veldig ulovleg.
12. Har du noensinne tulleringt til noen?
Ja, eg og ei veninne brukte sånn der ferdig innspelt tulletelefon ein gong, men det var ikkje så morosamt som eg såg for meg.
13. Har du noensinne fått parkeringsbot?
Far min fekk parkeringsbot ein gong me var på handletur. Tykkjer det tel litt.
14. Har du lyst til å hoppe i strikk eller fallskjerm?
Strikk hadde eg ALDRI TORD I NOKO TENKJELEG UNIVERS. Fallskjerm hadde vore vanvittig ekstremt kult, men eg trur ikkje eg tør det heller.
15. Det fjerneste stedet du noensinne har reist til er? (Altså det som ligger fjernest fra ditt normale tilholdssted.)
Kælifårnia.
16. Har du hage?
Ikkje i Oslo. Men eg har vakse opp med eit himmelrike av ein hage, og det skal eg ha når eg blir vaksen òg.
17. Hva er favorittegneserien din?
XKCD, BigComix… sånne. (Dei Hans viser meg, eigentleg.) Og Gustav og Gustav. Og Zits.
18. Kan du virkelig alle ordene i nasjonalsangen?
Eg kan dei tri versa som dei fleste kan. Eller er spørsmålet om eg veit kva alle orda tyder? Isåfall, nei. Kva tyder «lempet», til dømes? Eg har ikkje peiling.
19. Bad eller dusj, om morgenen eller kvelden?
Har ikkje hatt badekar på veldig mange år, og det er veldig trist. Dusjar oftast om morgonen, men tykkjer eigentleg kvelden er herlegare. Då har eg betre tid, og får leggja meg squeaky clean.
20. Den beste filmen du har sett den siste måneden?
Kongens tale, og The African Queen. Ein ny og ein gamal 🙂
21. Favoritt-topping på pizza?
Oooost og ananas og lauk og sopp og nøtter og og og. Mmmasse godt.
22. Potetgull eller popcorn?
Potetgull, for eg elskar å finna sånne stooore flak.
23. Hvilken leppestiftfarge bruker du vanligvis?
Passe raud. Eg er ganske god på å kombinera fleire!
24. Har du noensinne røkt peanøttskall?
Det har aldri falt meg inn.
25. Har du noensinne deltatt i en skjønnhetskonkurranse?
LOL. Ser eg sånn ut kanskje.
26. Appelsin- eller eplejuice?
Ja takk!
27. Hvem var den siste personen du gikk ut og spiste middag med, og hvor spiste dere?
Sunniva, me gjekk mange plassar i løpet av dagane ho var på besøk. Mykje godt!
28. Favorittsjokolade?
Walters Mandler! Mhm.
29. Når stemte du sist i en meningsmåling?
I dag.
30. Når spiste du sist en hjemmedyrket tomat?
Det er sikkert årevis sidan. Men bror min har visst planta tomatar heime no, så kanskje det ikkje blir så lenge til neste gong!
31. Har du noensinne vunnet et trofé?
Eg er liksom ikkje ein vinnartype.
32. Er du en god kokk?
For å sitera min kjære Malcolm: «I can’t even cook a meal without falling into stress. It only takes some pasta to remind me of my total belief in the depth of my unworthiness.»
33. Klarer du å fylle bensin selv?
Nei, eg køyrer ikkje bil, så det har eg aldri trengt.
34. Har du noensinne bestilt en vare fra en reklame?
Sånn… på tv? Nei.
35. Sprite eller 7-up?
Kva er eigentleg forskjellen? Eg drikk vel litt sjeldan brus.
36. Har du noensinne måttet bruke uniform på jobb?
Ikkje enno!
37. Hva var det siste du kjøpte på apoteket?
Kva var det siste DU kjøpte på apoteket?
38. Har du noensinne kastet opp på et offentlig sted?
Ja. På hurtigruta. Eg hadde ete raud fløyteis, så oppkastet mitt var rosa.
39. Hva vil du helst; bli millionær eller finne ekte kjærlighet?
Akkurat no seier eg kjærleik. Hadde du spurt for fire månader sidan, hadde eg svart pengar. Men eg trur det er no som har rett.
40. Tror du på kjærlighet ved første blikk?
Eg veit det hender.
41. Noensinne ringt et 820-nummer?
Nei, kva er det?
42. Kan eks-er være venner?
Kvifor i all verda ikkje?
43. Hvem var det siste mennesket du besøkte på et sykehus?
Eit bittelite menneske.
44. Hadde du mye hår da du var baby?
Eg hadde… brunt hår. Eg veit ikkje.
45. Hvilken beskjed ligger på telefonsvareren din?
Eg har ikkje telefonsvarar, men eg har veldig lyst å laga ein som liknar på George Costanza sin.
46. Hvem er din favorittkarakter i Saturday Night Live?
Spør meg når eg har sett det.
47. Hva var navnet på ditt første kjæledyr?
Det var ein gullfisk som heitte… æh, hugsar ikkje. Noko uoriginalt.
48. Hva finnes i veska di?
Den lille skinnveska har akkurat plass til lommeboka, nøklane, to leppestifter og mobilen.
49. Favoritting å gjøre før du legger deg?
Ringja ein ven og prata til me nesten sovnar.
50. Nevn én ting du er takknemlig for i dag.
At eg faktisk har eit par kroner på konto.

>ESC 2011 nådelaust oppsummert

>Mine kritikkar i stikkordsform slik dei blei notert undervegs. For dei som bryr seg, altså (truleg ingen, og eg tar det på ingen måte personleg :)) Noko av det er innspel frå Hans, Anette, Gina og mor.

FINLAND: Søt nerd eller fløtepus? Einmannsgitarballade. Reddplanetensong. Litt surt. Søt nok song, veldig uspanande. Barnehagesong.
BOSNIA-HERZEGOVINA: Søte klede! Forferdeleg song. Endå verre dansing. Koseleg gjeng, forsåvidt.
DANMARK: Svart lær. Kva sjanger ER dette? Pigghår! Blanda vibber. Kul song. Spring litt rundt.
LITHAUEN: Å nei. Dameballade. Fin røyst, stileg kjole. Fin sminke. Språkblanding. Pianist med kvit dress. Teiknspråk!
UNGARN: Agnetha-ish? Endeleg glorete disko-MGP. Grusom synging. Syng koristane eigentleg? Kule dansemenn. Diger blå ring, digert blått erme.
IRLAND: Playmomen åeå! Cola-inspirert? Hello hårvoks. Wobbly skulderpynt. Artige dansarar på bakgrunnsskjermen. Morosamt show.
SVERIGE: Epilepsi! Funky dansing med glasruter. Æææ for ein song. Dansinga er bra, då. Småhomo. To eller tre modulasjonar.
ESTLAND: Oi, kult! Liten by. Søt jente søt kjole. OI GLOREBY! Lett epilepsi. Songen er… meh.
HELLAS: Hiphop? Dristig. Wannabe-hardt. og SÅ blei det grampri. Dei prøver… Litt for gloregresk.
RUSSLAND: Hjelpemeg. Boybandgrampri? Eigentleg berre veldig grampri med boybandklede. James Dean-wannabe. Neineineiikkjeflørtmedkamera.
FRANKRIKE: Guteballadeklassiskaktiggreie på italiensk?! Ja ja. Gjesp. Fænsi bakgrunn. Lynvêr.
ITALIA: Jazzy! Søte menn. Koseleg song. Pianobakgrunn, kult. Lite grampriaktig (ja det er eit pluss).
SVEITS: Ååå denne er søt. Ukulele 🙂 Stjerner og skyer. Ho syng litt for hardt. Fin kjole. Gladsong.
STORBRITANNIA: Kjendisfaktor. Oi, store portrett. Stygge blå klede. Dei syng greitt. Sjølvtillitsong, men ikkje noko fin. Litt fengande, då. Brad Pitt? Dårleg dansing.
MOLDOVA: Oi, hattar! (skvatt litt) Hattemannanimasjonar. Rosa dame på eitthjulssykkel. Ein må jo le. Ska-aktig. Festleg.
TYSKLAND: Lena. Kul dansing! Lena er blitt mystisksexy. Dansinga er faktisk dritbra. Stileg song. Annleis frå i fjor.
ROMANIA: Hm, koseleg? Ja, eigentleg! Meir reddverdagreier. Tidleg Abba, men med Broadway-utsjånad. Søt trommis. Uoriginal song.
AUSTERRIKE: Å nei. Beyonce med bob? Dameballade, eller? Glitremusikk. Disneymelodi. Usj usj usj. Idol-røyst. Minikor med kule damer.
ASERBAJDSJAN: Lion King? Nei. Dansa bak kvarandre. Grusom gut i kvit dress. Lopez-dame. Fin melodi? Berre nesten. Vind i håret. Uspanande.
SLOVENIA: Dameballade igjen? 🙁 Idol-røyst igjen. «Sexy» stygg kjole. Koristar i svart lær (damer). Ho kan syngja, då. Mindre ballade etter kvart. Veks på meg.
ISLAND: Åh, koselege menn! Koseleg song. Aw-faktor. Ikkje grampri. Ingenting å utsetja her!
SPANIA: High school musical på harryklubb i syden? Dansarar i kvit dress. Forferdeleg song. Kul kjole. Forferdeleg dansing.
UKRAINA: Annleis, seier kommentatoren. Hm, kunst! Fantasykjole med fjør. Likar sandkunsten. Songen er keisam.
SERBIA: Sekstitals! Kjempesøt jente. Gøy 🙂 Elskar kjolane. Oi, litt andpusten. Ja ja. Quirky.
GEORGIA: Mørkt og neongrønt. Kul song, ugramprisk. Damemetal. Ho kan syngja. Kult! Kjem ikkje til å koma langt.

Modulasjonar: minst 9.
Kjolebyte: ikkje så mange! Gløymde å telja.
Kvite dressar: altfor, altfor mange. Kva var greia med det?

Takk for i år, Europa! Lukke til med budsjettet, Aserbajdsjan…

>Det eg hatar med byen.

>Bilar som prøver å meia meg ned når eg går på grøn mann.
Bussar som er stappa fulle av folk som ikkje eig buss-skikk.
Sirener og anna bråk utanfor vindauget.
Å føla at all lufta ein pustar inn er litt giftig.
At alt er så dyrt her at eg får vondt kvar gong eg drar kortet.
At det er farleg å gå ute aleine om kvelden.

Det eg elskar med byen.

Mangfaldet. Seriøst.
Å ta trikken kor som helst og føla at ein er på sightseeing.
Kollektivtransporten og at det faktisk går an å koma seg dit ein vil.
At det finst så mange koselege songar som er dedisert til byen eller ein bydel.
At bydelane er så forskjellige og at Grønland kjenst som eit anna land.
At det alltid skjer noko gøy her, og at det er her ting skjer.
At byen har ALT.
Men viktigst: At ganske mange av favorittmenneska mine bur her.

Kva hatar og elskar du med den plassen du bur?