>Ny blogg?

>Eg er litt lei av bloggen eg har no. Heile greia er liksom så… 2008. Til dømes er eg ikkje så nøgd med utsjånaden/utforminga, det er rotete og vanskeleg å jobba med. Tittelen og adressa er heller ikkje heilt meg lenger. Eg har ein draum om å få laga ein blogg som er presentabel og som eg tør å fortelja litt fleire om og leggja ut på facebook osb.

Men så lurer eg på så mange ting.

1. Skal eg byta til ein annan… kva heiter det, bloggleverandør? WordPress er litt herleg å jobba med (har eg høyrt frå Sandra Nilsen i MÅL og BART), men det praktiske med Blogger er at her har eg samla denne vanlege bloggen, dansebloggen (som ligg litt i dvale for augneblinken) og bokbloggen i ein konto, på ein måte. Viss eg startar ein wordpress-blogg, vil eg måtta logga på to ulike konti. Eg kan rettnok berre laga ein ny Blogger-blogg, men æh. Hm.

2. Skal eg prøva å laga ei utforming og eit «design» sjølv, få ein ven til å gjera det, eller betala nokon for å gjera det? Det siste trur eg eigentleg ikkje eg vil, i min økonomiske situasjon, og særleg når eg har så få lesarar.

3. Skal eg gjera ei sånn redirect-greie frå den gamle til den nye, eller skal eg berre linka frå den gamle til den nye? Det hadde jo vore litt kjekt å få med nokre av dei gamle innlegga. Hm.

4. Skal eg snevra inn innhaldet i bloggen? Skal eg ha eit «tema»? Eller skal eg halda fram slik som no?

Så mange spørsmål, så få svar. Eg tar imot alle innspel med stor takksemd!

EDIT: Ikkje alle desse spørsmåla er så relevante lenger, men eg tar framleis imot tips til innhald og design 🙂