>OKEI KØYR SUPERBUDSJETT!

>Eg beklagar (dels på forskot) for misbruk av caps lock. Sorry, eg er sliten og i ein personleg finanskrise.

Eg har 800 kroner å leva på fram til neste studielån, altså cirka 3 veker. For å greia det skal eg:

– Bruka opp all den obskure maten eg har i skapet og kjøleskapet og ikkje kjøpa NOKO nytt før eg absolutt må.
– Kjøpa ein stor sekk med ris på innvandrarsjappe og ein sekk med potetar og og og kva anna er billeg då?
– Drikka vatn, oh yeah! Ingen juice, ingen mjølk. Eg skal tilmed eta havregrynet mitt med vatn i staden for mjølk. Stusseleg, men naudsynt.
– Ikkje kjøpa månadskort når det går ut om to veker, men GÅ og GÅ og GÅ overalt. (Her har eg faktisk ikkje noko val, for eg kjem rett og slett ikkje til å ha 350 kroner om to veker.)
– Ha med meg banan/eple og knekkebrød på Blindern og halda meg LANGT UNNA kantinene!!!!!! (Fredagar er unnatak pga matpakkesamling, då har eg lov å kjøpa graut for det vil sjela mi trenga.)

For å forhindra nye kriser skal eg:

– Betala leia den dagen lånet kjem (det burde eg jo allereie ha skjønt) – og i sommar skal eg betala eit par månaders leie på forskot med ein gong eg får sommarjobbløna.
– BERRE kjøpa First Price og tilsvarande. Billegmat, billegshampo, billegALT!
– Sjå om det går an å leva utan månadskort sidan eg no bur litt meir sentralt. Det bør eigentleg gå an.
– ALDRI kjøpa alkohol nokosinne.
– Sjå om det finst ein jobb til eg kan ha, som tar om lag like lite tid som den eg allereie har… ehe.
– Drita i å reisa nokon plass. 🙁
– Aldri meir kjøpa avisar eller blad, men kun lesa på internett… dette krev sannsynlegvis at eg fysisk lukkar augo når eg går forbi avis-/bladhyllene.

Kva meir kan eg gjera? Eg treng tips! Masse tips! Hjelp meg!
Kva kan eg gjera NO for å klara å overleva på 800 kroner i tre veker, og kva kan eg gjera FRÅ NO AV for å klara å overleva på 1700 kroner i månaden?
Hugs at dette ikkje berre hjelper meg, men alle sånne som meg som vel å bu i ein fin leilegheit framfor å leva.

>Nokre snuttar på poesidagen

>I dag er den internasjonale poesidagen, og det må så klart markerast. Dei som tør å leggja ut sin eigen poesi, får gjera det – sjølv lar eg «greater minds» tala for meg i dag, og det er nokre av favorittsongskrivarane mine som får den æra.

MALCOLM MIDDLETON

unrelenting unconfidence
a badge that states «mess»
a lack of bike and gentle sleep
remind me of my total belief in the depth
of my unworthiness

GEORGE HARRISON

little darling
i feel the ice slowly melting
little darling
it seems like years since it’s been clear
here comes the sun

JONI MITCHELL

she removes him like a ring
to wash her hands
she only brings him out to show her friends
i wanna free him
secrets and sharing soda
that’s how our time began

JON FOREMAN (SWITCHFOOT)

it was a beautiful letdown
when you found me here
yeah, for once in a rare blue moon
i see everything clear
i’ll be a beautiful letdown
that’s what i’ll forever be
and though it may cost my soul
i’ll sing for free

GREG BROWN

see the city lights shining
when you’re sick you look so tiny
i’m gonna put you in my pocket
go down to where it’s warmer
i’m gonna throw you in the ocean
and you will turn into a dolphin

GORDON SUMNER a.k.a. STING

all this time the river flowed
in the falling light of a northern sun
if i had my way i’d take a boat from the river
men go crazy in congregations
but they only get better
one by one

PETER FURLER + PHIL JOEL (NEWSBOYS)

close as a brother
the way we used to be
i’ll hold my breath
and i’ll wait for you to breathe

————-

Kva dikt/songtekstar/annan poesi likar du?