>Tenk om eg hadde gått på heildagsskule.

>(Ei stund har eg hatt lyst å kommentera heildagsskuletanken, så her kjem eit lite forsøk.)

«Fra Danmark meldes det om en heldagsskole med flere konflikter og med barn som gråter og som ikke vil gå på skolen. Mange barn i den danske heldagsskolen – det er inntil videre en forsøksordning – synes nå at skolen er en trist plass å være.» (frå bt.no)

Eh, ja. Meir om dette lenger nede.

«Heildagsskule gjev meir læring, det gjev elevar som trivst betre, det gjev meir fysisk aktivitet og eit betre og meir heilskapleg tilbod som foreldra er nøgde med.» (frå nrk.no)

Korleis i huleste veit dei at elevane trivst betre? Har dei gjort ei skriftleg undersøking, kanskje? Vel, eg veit litt om slike skriftlege undersøkingar då eg har vore med på mange sjølv, og resultata av slike er ikkje til å stola på. Det kan rettnok godt henda at elevane som trivst i utgangspunktet, trivst betre – men resten lyg. Meir om dette òg lenger nede.

Altså. *kremtar og rettar seg opp* I dag, i 2010, er eg vaksen nok til at det kjenst greitt å vera litt open om dette, så no skal eg fortelja litt korleis eg opplevde barneskulen. Eg ber om at lesarane tar hensyn og ikkje siterer meg på dette utan å spørja, eller snakkar med nokon som kan vera berørt av dette. Om nokon sjølv trur dei er berørt av det eg fortel, ver så snill og ikkje ta det ille opp. Du er truleg ikkje skuld i noko som helst.

Eg var usikker og aleine. Vener kom og gjekk. (Det gjer dei litt framleis, men no er det meir snakk om at graden av kontakt med den einskilde kjem og går.) Eg hadde vanskeleg for å halda på ein venskap. Ærleg talt veit eg ikkje om det var min eigen feil eller ikkje, men det var kanskje det. Dei gode venene eg hadde gjekk stort sett på andre skular. Eg opplevde at somme i klassen min var der for meg når det gjaldt, men eg greidde ikkje å oppretthalda kameratskap med dei i kvardagen. Og dei eg hadde ei kameratskapskjensle med, stolte eg ikkje heilt på. Det hjalp kanskje heller ikkje at eg hadde null sjølvinnsikt og difor ikkje greidde å finna ein gjeng eg passa inn i.

Mange, mange gongar fylte eg ut sånn derre «mobbeskjema». Kvar gong sat eg der med arket med førande spørsmål foran meg og hadde vondt i magen. Og eg kryssa av «nei» eller svarte blankt eller noko liknande, alltid, for eg blei jo ikkje mobba akkurat. (Eller, det kan kanskje diskuterast. Periodevis blei eg nok det, men det var så udefinerbart at eg greidde ikkje å setja ord på det.) Det einaste eg visste var at eg ikkje hadde det særleg godt.

Barneskulen varte evig. Kvar dag varte evig. Kvar time varte evig. Kvart friminutt varte evig.

Noko av det verste var skulereglementet. Til dømes den regelen om at ein ikkje fekk lov å vera inne i friminutta. Eg ser at intensjonen med den regelen var god. Det er viktig med frisk luft og rørsle og slikt. Og sosialt samver, for dei som greidde det. Men DU Å DU så kleint det er å stå ute i ein skulegard aleine! Det hendte eg prøvde å gøyma meg, og det hendte det funka. Men det er stusseleg, det òg, og kjempekleint om ein blir oppdaga.

Noko anna eg hata var at skulereglementet hadde eit forbod mot mobbing. Ikkje at det var ein dårleg regel i seg sjølv, men det hjalp jo ingenting. Det frustrerte meg så innmari, utan at eg kunne argumentera ordentleg for meg. No kunne eg sagt at det går jo ikkje an å handheva ein slik regel, pluss at den ikkje tar høgde for at elevar kan mistrivast utan at det er mobbing som er årsaka.

Okei, de har skjøna at barneskulen ikkje akkurat var ein dans på roser for meg. Nok om det. Men tenk om desse skuledagane, som allereie kjentest så smertefullt lange, skulle vore endå lengre. Tenk om eg skulle vore tvungen til å ha alle dei ekstrakurrikulære (det er vel ikkje eit ord men det drit eg i akkurat no) (okei det heiter kanskje berre fritids-) aktivitetane mine på skulen. Tenk om eg aldri hadde hatt fritid til å møta dei venene mine som gjekk på andre skular. Eg seier ikkje at «då hadde eg ikkje vore her i dag» eller noko såpass dramatisk. Men fytti. Sjeleglad hadde eg iallfall ikkje blitt.

Det eg prøver å seia er kanskje dette:
Heildagsskulen er ein god idé for dei elevane som trivest på skulen sin (merk: skulen sin, dvs den spesifikke skulen, og ikkje «skulen» som konsept) og som difor er motiverte for å vera der og læra. Dei vil ha glede av å kunna tilbringa meir tid på ein stad dei allereie likar å vera. Men: Dei elevane som er motiverte for å læra, og for å gå på skulen generelt, men som ikkje trivest på sjølve skulen der dei går, vil føretrekkja å få god tid heime til å gjera lekser på eiga hand. Og om dei blir tvungne til å bli på skulen lenger, vil dei berre mistrivast meir. Dette er eg heilt fullstendig 100% overtydd om.

Men eg vil veldig gjerne høyra kva andre meiner om saka, altså!

Helsing meg, litt sjenert.

>November blir litt av ein månad!

>Jah. I år har eg to novemberprosjekt, takk til fjesbok (og litt overraskande moralsk støtte). Det eine er det ganske kjende No Shave November. Trur eg kjem til å få eit nydeleg skjegg. For mange handlar dette prosjektet kun om moro, eller å sjå kven som er mest «frodig» (i den botaniske tydinga). Men eg har gjort litt research, på fjesbok så klart, og funne ei hending som passar for feministar som meg. Den er laga av ei gruppe som òg markerer No Make-up March. Føremålet med begge prosjekta er å kritisera skjønnheitsideala og krava som kvinner må leva opp til kvar dag, og å oppmoda kvinner til å vera seg sjølve og ikkje uroa seg så mykje over korleis dei ser ut. (Eg kjem ikkje til å ta det som eit personleg nederlag om eg ikkje greier heile månaden. Det er tanken som tel.)

Det andre prosjektet eg er med på denne månaden er Rusfri November. Det er fleire grunnar til det. I studietida er det mykje drikking. Øl er eit sosialt konsept, og sprit er lik moro. Men er det eigentleg naudsynt? Kan me ikkje koma i kontakt med folk med ein kopp kaffe i handa i staden for eit glas øl? Kan me ikkje dansa og le høgt med brus på bordet i staden for sprit? Det trur eg. Dessutan er det eit kjempesignal å vera den som lar vera å drikka. (Respekt til dei som er fråhalds heile året, ass!) No i november vil eg spara litt pengar og stoltheit og nyta søndagsmorningane utan hovudverk samtidig som eg finn nye kreative måtar å ha det gøy på i helgene. Det trur eg blir bra.