>Om eit lite menneske

>Ein gong på ettermiddagen i går gjekk eg på t-banen og sette meg overfor ein liten gut på kanskje 3-4 år. Umiddelbart såg det ut som han sat åleine, men så såg eg ei lita gruppe med ungar og to unge vaksne litt lenger unna som eg tippa han eigentleg var i lag med. Men så sat han likevel der litt for seg sjølv. Dette lille mennesket såg på meg fleire gongar i løpet av den korte turen, med sånne forsiktige blikk og halvsmil. Ein annan av ungane sat og sa «Neste stasjon, Berg» osb for kvar stasjon før høyttalardama sa det, og kvar gong syntest eg at eg såg guten foran meg himla med augo. Gjer små ungar slikt? Kan henda eg berre innbilte meg det. Uansett. Då me kom til Ullevål stadion skulle tydelegvis desse ungane av. Ho eine vaksne sa til guten at han måtte koma. Han byrja å reisa seg og støtta seg på knea mine for å koma seg opp. Akkurat som det var den mest logiske måten å gjera det på. Ho vaksne såg på meg som om ho ville seia «unnskuld», eller noko. Eg kjente at det var veldig vanskeleg å formidla «ingenting å unnskulda for, eg elskar når ungar støttar seg på knea mine, dessutan må han vel få gjera slikt om han vil» med ansiktet, så eg ga ho heller eit halvsmil av liknande slag som det eg hadde fått av den lille tassen eit par minutt tidlegare. Han gjekk av t-banen før eg rakk å tenkja å, eg vil gi dette magiske lille mennesket ein klem.

Seinare same dagen møtte eg ein flokk med bråkete og plagsame ungar og skjøna ingenting.

>Kyrkja på onsdag

>Denne helga er det Taizé-treff i Oslo. Det har eg ikkje meldt meg på, fordi det kostar pengar og eg veit cirka ingenting om det. Men i går var eg på kveldsbøn i domkyrkjekapellet, i samband med dette arrangementet. Dei har møte kvar kveld på førehand, som alle kan koma på, og eg hadde ein kortvarig draum om å gå kvar kveld for å gjera opp for at eg ikkje har gjort noko kristeleg sidan… vel, sidan Skjærgårds. Men eg fekk ikkje til å gå før i går (det er ikkje tid til noko som helst for tida).

Eg trur eg var førebudd på heilt «feil» ting. Kanskje hadde eg sett for meg ein roleg gudsteneste med ein del folk der ein kunne delta eller ikkje delta og det ikkje hadde så mykje å seia. Roleg var det, men resten var ikkje heilt som eg trudde. Det var eit ganske lite rom, og få folk. Etter kvart satte dei fleste seg ned på eit golvteppe, og somme brukte ein liten krakk til å knela på. Eg kjente at det var ein type ting eg kunne gjort om eg var der med folk eg kjente, eller om det hadde vore ein større folkemengde å gøyma seg i, og litt betre plass. (Fekk forøvrig inntrykk av at alle der kjente kvarandre.) Så eg sette meg på ein stol, og følgde med.

Etter nokre minutt byrja ein av dei som sat der, å syngja. Det var ingen som sto foran og leia, ingen prest eller noko. Men ein fyr blant desse menneska byrja å syngja. Han hadde ein utruleg djup og klar røyst. Dei andre hang seg på, og plutseleg var songen fleirstemd og det var akkurat som desse menneska var eit kor.

Eg sat gjennom heile bønesamlinga, som besto av songar på norsk, engelsk, fransk, tysk og latin, og lytta.

No er eg litt usikker på om eg kan kalla dette ei religiøs oppleving. Sjølv hadde eg inga kjensle av kommunikasjon med Gud (men det plar eg heller ikkje ha), og det var jo ei gruppe menneske eg sat og lytta til. Men vakkert var det. Og eg kan kanskje ha gått derfrå litt inspirert.

>Om å gå på teater med pressebillett

>(Musikalen Next to normal, Det norske teatret)

Det er kanskje flautt å innrømma kor glad eg blei då eg fekk to gratisbillettar til ein teaterpremiere. Eg forventa berre ein, og var førebudd på å sitja aleine og notera. Men eg gløymde å ha med penn, og gjekk ikkje aleine. Difor blei det mest som ein vanleg teatertur – bortsett frå at det var masse kjendisar i salen (igjen er eg litt flau over kor begeistra det gjorde meg).

Men no var eg jo der for å skriva ei teatermelding. Det kjentest litt som å vera tilbake i kommunikasjon&kultur-modusen, og eg tok meg i å dra fram diskursbegrepet og nesten halda teljing på klisjeane. Men for nokon fantastiske klisjear! Det må berre seiast at eg elskar dramatisk song om kjærleik og frustrasjon og galskap, særleg når setningar som «eg elskar deg» og «eg blir galen» vert gjentatt litt for mange gongar. Det er dei teite tinga ein fort kan bli rørt av.

Når det er sagt, var det eit ganske seriøst tema i stykket og alt var ikkje sånn der musikaldramasvada. Det er berre vanskelegare å få fram kvaliteten og seriøsiteten i eit hastverksblogginnlegg. Difor er det bra at det kjem ei fullstendig teatermelding i neste nummer av Motmæle. Les ho, men viktigare: Sjå stykket.

>Hjelp, eg er ein himla dårleg bloggar!

>(Tittelen er inspirert av alle dei himla dårlege filmane med himla teite titlar som byrjar med «Hjelp» og sluttar med ropeteikn)

Eg har ein ambisjon om å gjera denne bloggen litt interessant. Veit ikkje heilt korleis eg skal gjera det utan å verka som ein dårleg imitator av eitt-eller-anna, men me får sjå. Kanskje blir neste innlegg verdt å lesa og ikkje ei kvasiemosjonell skildring av det eg tenkjer på når eg er aleine om kvelden.

Følg med!