>Tider skal komme, tider skal henrulle

>Kjære lesar. Dette blir eit høgst personleg innlegg, som eg ikkje eingong veit om eg skal la liggja på verdsveven lengre enn nokre timar. Så du er kanskje heldig som får lesa dette. Eg ber deg om tålmod dersom eg ikkje vil gå i detaljar om akkurat det som du kjem til å bli mest nysgjerrig på. Me får sjå om det er grunn til å skriva meir om det seinare.

Sidan sist har eg fullført skuleåret på Sagavoll. Det har vore avslutningar alle vegar, klemmar, gråt og helsingar i årbøkene. Men konseptet «slutten av året» har prega mykje meir enn det. Det har prega alt. Stemninga er forandra. Soveromma og stovene er tomme. Dagane er fullstappa av program. Det luktar reint overalt. Kroppen reagerer til og med (på ulike måtar). Og ikkje minst kjenslene. Ein kjenner sorg for at det er over, glede for at det har vore så bra, venekjærleik for alle dei fantastiske menneska ein er blitt kjend med, og mange kjenner nok så vidt at ei forelsking snik seg på dei – eller lagar storm i magen og kaos i hovudet og ein veit ikkje om ein skal gråta eller le. Og ein veit ikkje om ein kjenner det slik berre fordi det snart er slutt, eller om det verkeleg er noko der. Og ein veit ikkje om det er lurt å satsa, men det er isåfall no ein tør.

Tusen takk, kjære Sagavoll (representert ved cirka 160 personar) for at de ga meg eit utruleg meiningsfylt år. Og tusen takk til deg, kjære deg, med det himla fine smilet, som har fått meg til å smila 100 gonger så mykje som vanleg den siste tida.