>I morgon skal eg løpa, frivillig.

>I morgon er det sponsorløp på Sagavoll. Me løper for CRO Jinja (Child Restoration Outreach) i Uganda. For at det skal ha ei meining, treng me sponsorar. Viss du vil, kan du gi eit kilometerbeløp, eller ein fast sum. Me har forresten 2 timar på oss, og eg skal løpa så mykje eg kan og gå resten. 😉 Alle bidrag, store og små, er kjempenyttige. Sei frå om du er interessert, så blir eg og barna kjempeglade. 🙂

OPPDATERING:
Eg løp 11 runder. Det vil seia litt over 12 kilometer, eigentleg, men eg skal visst kalla det 11. Uansett – de som kjenner meg veit at dette er ein kjempeprestasjon for meg og at eg ikkje har løpt på eit år og ikkje frivillig på 20. Løping er liksom ikkje mi greie. Så, er du imponert? Spons, då vel! 🙂

>Oh no.

>I dag var eg inne og såg på nokre av emna som inngår i lingvistikkstudiet, fordi eg akkurat no har lingvistikk på 1. pri på samordna opptak. Då såg eg tilfeldigvis at dei fleste av emna har ei obligatorisk munnleg vurdering. Huff då, tenkte eg. Må eg revurdera dette? Så tenkte eg gjennom kva andre studie eg har satt opp. Dei fleste er innanfor språk. Då er det truleg munnlege vurderingar der òg. Hm. Når eg tenkjer meg godt om, så er jo det eigentleg litt sjølvsagt at språkstudia må vera til ein viss grad munnlege. Veit ikkje kvifor eg har sett for meg noko anna. Kvifor i all verda har eg peikt meg ut språk som ei interesse når eg absolutt ikkje er eit munnleg menneske?