>Det er viktig med kos og tull.

>Er det noko eg verkeleg har lært meg her på Sagavoll, så er det at det er superviktig med kos og tull. Dei heng ofte saman. Her lærer me kverandre nye ting, me lagar mat saman, me trenar saman, me høyrer musikk og strikkar saman, me ler av god og dårleg humor, me legg på oss, me arrangerer kveldar med ulike tema, me har rollespel…

Neste år veit eg at eg vil få mykje mindre fritid. Studia, matlaging og ein eventuell deltidsjobb matlaging kjem til å ta opp eit vesentleg kakestykke av tidskaka. Likevel håpar eg at eg kan klara å halda fram med dei gode vanane for kos og tull som eg har lært meg her. Eg ser for meg avspenningsmodul på søndagar, strikking medan eg ser kveldsnytt og utover kvelden, dans i trappa når eg er tidleg ute til førelesinga, klimpring på ukulelen medan eg ventar på klesvasken eller at maten skal koka… Det treng ikkje vera store tiltak for at det skal minna om folkehøgskulelivet. Dei små tiltaka er det som utgjer sjølve livet, trur eg.

P.S. Sjå dansebloggen

>Sjokolade + gitar = sant

>I dag fekk me på sjokolademodulen beskjed om at kvar av gruppene måtte skriva ein song om sjokolade, til melodien «When you say nothing at all». Som eg tippa, tydde det at me fekk besøk av gitarmodulen seinare (då kakene våre var ferdige), og spelte songane. Songen vår var så sinnssjukt hastverkprosjekt at eg tenkte «dette er så sjukt bloggmateriale». Her er han: (melodi av R. Keating, tekst av sjokolademodulgruppe 4 trur eg) (orsak bokmålsbruken)

Sjokolade er bra, ja den gjør oss så glad
Hjelper store og små når dagen er grå
Bittert og søtt, det gjør hjertet mitt bløtt
Daim og mandler og jordbær og fruktnøtt

Nå skal vi smake en firkløverkake
Eller sjokomilkshake hvis vi ikke vil bake
Og så en liten Smil før vi tar oss en velfortjent hvil
Men vi liker best — sjokolade på fest

>Ein superfin bursdag

>Wow, bra bloggevane på gang her!

Ja, så eg har nettopp hatt bursdag tusen takk. Det var utruleg fint å ha bursdag på Sagavoll, for her får ein uhyre mange gratulasjonar og klemmar i løpet av dagen, og dei syng bursdagssongen ved middagen, og ein får ikkje så mange gåver men det gjer ikkje noko for ein får mykje godt å eta og dei arrangerer tilmed fest med kake og skitpreik (i positiv tyding). Og så vert eg sjukt rørt fordi dei seier så mykje fint og eg får vondt i kinna av å smila så mykje, men eg kan ikkje slutta heller, så eg får heller skjelvingar i kinna og tårer i augo og vert stappa full av kake og kjærleik.

Så fekk eg ikkje det eg ønskte meg aller mest, men veit du kva. Det kan eg faktisk jobba for dei neste fire månadene. Og om det ikkje går då heller, så er me jo ferdige, så det er ikkje så farleg. (Men det hadde vore… du veit. Fantastisk, eller noko.)

Takk for ein glitrande dag.

>Ambisjonar og planar og uvisse

>»Kva skal du gjera til hausten?» Dette utruleg irriterande og altfor aktuelle spørsmålet har fillen gjort eit comeback. Så eg tenkte det var lurt å skriva litt om det her, i tillegg til litt fjernare framtidsplanar og slikt.

Til hausten skal eg nesten heilt sikkert til Oslo. Eg skal nesten heilt sikkert bu på studenthybel, vonleg saman med Ulrikke. Eg skal nesten heilt sikkert studera på uni, anten språk eller litteratur eller kjønnsstudium eller noko anna gøy. Og det skal eg nesten heilt sikkert trivast med.

Om eg får sjansen, vil eg reisa ein stad der kvardagen er heilt annleis enn her. Om eg får sjansen, vil eg ein gong jobba med noko verkeleg meiningsfullt. Om eg får sjansen, vil eg læra meg eit tredje språk flytande.

Ein eller annan gong i framtida håpar eg på å bli kjend med ein sånn der spesiell person. Det hadde vore frykteleg fint om det faktisk skjedde.

Kan dette kallast livsforsett?

>Godt nytt år. Veldig godt, kanskje?

>Desember var ein skikkeleg fin månad. Det var månaden eg fant ut at det eigentleg var litt digg å ha einerom. Det var månaden alle laga jolegåver og sat på etasjen og åt peparkaker og høyrte på jolemusikk og hadde det koseleg. Det var månaden eg gjekk opp x kilo og ikkje brydde meg om det. Det var månaden eg gjekk med skjørt i 18 dagar (det er ganske imponerande til å vera meg. Men gratulerer til Tove, som faktisk greidde heile månaden!). Det var månaden eg skreiv hemmelege lappar og håpa bittelitt på å bli avslørt (ssssh). Det var månaden med joleverkstad, etasjeunderhaldning, ljosmesse og jolefest. Det var månaden eg reiste heim på joleferie og fant ut at eg verkeleg, verkeleg sakna Sagavoll. Det var månaden det likevel var litt godt å vera heime.

Og no er det januar. Månaden med bursdag. Månaden med kanskje endå meir vinter enn før. Månaden med slanketips og nye sjansar. Månaden Safari-klassen reiser til Afrika og skulen blir litt mindre. Og ein heilt ny og ukjend månad (eit heilt nytt og ukjent år, for den saks skuld) som kan bringa kva som helst. Gler du deg like mykje som eg?