>Julekos på Sagatoppen

>Sidan romkameraten min flytta ut, har alt rotet mitt spreidd seg utover rommet. Seinare i dag skal eg ta ein skikkelig julereingjering. (Foreldra mine kjem nemleg på besøk i helga, så noko må gjerast…) Men eg har fått det ganske koseleg elles, då. Har hengt opp litt fleire bilete på veggen, og sjokoladekalender på døra, og kortkalender frå Karen på veggen, og stjerne frå Julie i vindauget, og sånn juletrelysgreier langs hyllene. Har tilmed ein diplom eg fekk i dag der det står «Årets kineser». Så når eg får rydda litt, vert det kjempekoseleg her!

I kveld skal stipendiatane gå rundt på etasjane og kåra den koselegaste juleetasjen. Eg trur me ligg ganske bra an, eigentleg. Me har masse levande lys, og peparkaker, og gløgg, og ymse pynt rundt omkring, og doveggar der folk skriv helsingar. Og stemningsfull musikk i bakgrunnen 🙂 Alle som kjem på besøk skryter av Sagatoppen!

Den siste veka har me hatt eit utruleg fint prosjekt på skulen som heiter Secret Santa. Om de har vore med på «hemmeleg ven» så er det akkurat det same, eigentleg. Eg veit ikkje enno kven som var min hemmelege nisse, men håpar på å få vita det i dag. Det var iallfall ein koseleg person, det er sikkert! Eg har fått duftlys og juletresjokolade og reinsdyrsjokolade og eit lite kort der det står «Ha en fin dag, du er verdifull». (: