>I will write you a song…

>Eg har eigentleg ikkje så mykje å seia i dag. Eg har berre ikkje lyst til å lesa meir historiedrit.

Ein ting har eg jo å seia! Fristen for å svara folkehøgskulene er gått ut, og eg svarte Sagavoll. Altså, eg svarte alle, men Sagavoll fekk ja 🙂 så om 6 månader bur eg i Telemark! Eg trur det vert kjempekjekt.

De har sikkert skjønt at eg likar interaktivitet og innspel frå lesarane mine. Så er greia at eg har lyst til å klippa håret. Og eg skal ikkje vera med på Dansefest i år, så eg treng ikkje dultlengde lenger. Altså kan eg gjera kva eg vil. Det er litt fristande og litt skummelt å klippa det kort. Kva tykkjer de? (Dette er mest eit spørsmål til jentene, men òg alle andre som skulle ha ei formeining om hårfrisyrer og meg.)

Sånn elles har eg ein kul i panna. Jepp.

Sjå denne videoen, fordi songen er nydeleg og fordi alle burde ha ein å syngja han til.

>And the moon rose over an open field

>Det er litt kjekt å oppdaga at nokon les bloggen min 🙂

Over til noko heilt anna: Nett no har eg norskstilangst. Men det er ein merkeleg type angst. Det ser om lag slik ut:


(Kanskje det heller kan kallast frustrasjon.) Dersom nokon veit korleis eg skal kurera dette, så gi meg for all del eit bip.

Sånn elles så er svarfristen for FHS rett rundt hjørnet. Eg hadde nesten bestemt meg, men no har eg nesten ombestemt meg. Eg veit at Doc’en har talt (intern greie), men no trur eg faktisk at intuisjonen min taler annleis. Så den skulen eg har lyst til å gå på i dag er Sagavoll. Dersom eg har den same kjensla på fredag morgon, vert det dei som får eit hyggeleg brev av meg. Uansett skal eg oppdatera dykk.

Forresten! Eg meiner ikkje å skryta eller noko, men frå i går er eg leiar i KEM. Ønsk meg lukke til? Og hald på nynorsken folkens, og igåvf – ikkje gløym å vera framifrå! (Det var den beste omsetjinga eg kunne koma fram til av dftba, «don’t forget to be awesome». Andre framlegg er velkomne.)

EDIT: Oi då, det siste biletet var for stort. Kva gjer eg med det? Hjelp meg, O kloke vevbrukarar!

>Ny utfordring!

>
Takk til Ragnhild 🙂

Dette er utfordringa (eg gidd ikkje omsetja, får håpa de skjønar ;))

1. Gå innpå mine bilder/mapper.
2. Velg den 6 mappen.
3. Finn det 6 bildet.
4. Sett inn på bloggen og skriv litt om det.
5. Inviter 6 nye – link og gi beskjed om utfordringen til dem.

Dette biletet er frå 17. mai 2008, og det er av Kongsgårds Dannede Pigekor. Me er ei lita gruppe jenter som likar å syngja og ha det koseleg, og vanlegvis bruker me ein «skuleuniform» når me har konsert. Men på 17. mai er jo nesten heile poenget med dagen å sjå ekstra fin ut, så det forklårer bunadene og dei andre festkleda. Me hadde ein minikonsert på hovudtrappa før toget byrja. Eg hugsar ikkje kva me song, men det var nok fint uansett. Desse jentene er herlege.

Greitt, no gir eg stafettpinnen til Eva, Jasmin, Liv, Monique, Sigrid (og Helge) og Ulrikke. (Så håpar eg nokon tag’ar Mariell, for eg har lyst at ho skal gjera dette, men ho les sannsynlegvis ikkje bloggen min :P)

>Helga som gjekk og året som kjem

>Eg har alt fått svarbrev!
… frå alle 4 :S

Ja, altså. Det kom brev i posten i går, men eg opna dei ikkje før no i kveld. Og eg kom altså inn på alle folkehøgskulene eg søkte på. Dette var jo sjølvsagt hyggjelege nyhende for meg, men no må eg velja mellom dei! Hah. Har 3 veker på meg. Førebels ligg Manger høgt.

No er helga i ferd med å, ehm, verta ikkje-helg-lenger, og eg føler ikkje eg har hatt helg før rundt klokka 3 i dag. Men det har vore kjekt, både før og etter 🙂 merkelege greier, eigentleg, eg har liksom følt meg frelst og forelska om kvarandre. (Oi, der avslørte eg meg. Ja, ja.)

Tralala. Det var det eg ville seia.