>Leppestift, lesing og prinsesse Leia

>Kven visste at ei lita sak i ei tube med «pigmenter, olje, voks og bløtgjørende midler» (wikipedia) kunne gi så mykje glede?

Tidlegare har eg hata leppestift, og har berre brukt det på ballettframsyningar. Men så har eg i det siste byrja tenkja at det ikkje er så gale likevel. I går kveld fann eg ein djupraud leppestift i skåpet mitt, nesten ubrukt. Med litt Vaselin oppå var det eigentleg ganske fint. Og i dag var eg så inspirert at eg kjøpte ein ny, visstnok jordbærfarga leppestift. Dette er litt kjekt.

No for tida les eg Popsongar av Frode Grytten. Ganske fint. Ein dag skal eg leita etter alle songane som novellene er inspirerte av. Ein kan aldri høyra for mykje fin musikk. Sjølve boka er interessant oppbygd, og forteljingane er søte/djupe/merkelege. Likar det.

I går gjekk den fyrste Star Wars-filmen på NRK, så eg såg han for fyrste gong sidan den gongen eg sovna på kinoen (eg kan ikkje ha vore eldre enn sju år). Bra film! Og no ynskjer eg at eg hadde tjukt nok hår til å laga Leia-frisyra.

>Ting endrar seg, og eg byrjar verta klar for det.

>Endeleg har eg søkt på 4 folkehøgskuler. Det vart Manger, Hardanger (rim!), Sagavoll og Fosen. Om eg kjem inn på alle, trur eg at eg vel Manger. Men det får eg sjå. Har berre nyleg fått ein litt meir interessant grunn til å velja ein skule som er lett å reisa heim frå (og til Oslo, men det er noko anna). Det er mykje å tenkja gjennom. Men det er kjekt.

De har sikkert skjøna at eg har «någe på gang», som det heiter her i området. (De får berre tilgje meg for at det stort sett er det einaste eg snakkar om. Eg må jo det!) Det er difor eg har vore så glad i det siste, og det er difor dagane går så seint.

Så har eg bestemt meg for at de skal få sjå filosofibloggen min. Berre for gøy. Om de er interesserte, då.

Og forresten, yay for Obama! Eg feira med vaniljeis med Bailey’s. Prøv det, seriøst.

Ser dykk (somme av dykk, iallfall) i Telemark! God helg =)

>… and it did!

>Plutseleg har eg byrja tenkja på engelsk. Lang historie, irrelevant, poenget er at eg har sommarfuglar i magen og håpar dei aldri går vekk. De vil forstå om ei stund – får me håpa.

Men eg må ikkje verta for distrahert!

Gløym det, veldig for distraksjonar =)

>Let the happiness come in

>Det er heilt merkeleg, eg har vore i så godt humør så lenge no, at eg er nesten redd for at noko skikkeleg gale skal skje. Altså, rundt meg er det alvorlege og triste ting som går føre seg, og eg har sjølvsagt sympati med dei det gjeld, men samstundes har eg det berre så bra at eg ikkje kan skjula det!

Og så har eg plutseleg fått noko heilt spesielt å gleda meg til. Stej tund…

Skuleballet i går var det kjekkaste ballet eg har vore på. Kven visste at det var så mange pene folk på Kongsgård? Kven visste at lærarane kunne dansa? Pluss ein aldri så liten bonus: Marinen. Treng eg seia meir?

Eg har redigert «Neste år?!» og håpar på innspel. I tillegg har eg laga ein filosofiblogg (skuleprosjekt), og når eg kjem i gang med det, skal eg vurdera å leggja ein link her.

>Så mange bra dagar på så kort tid kan ikkje vera sunt.

>Eller, når eg tenkjer meg om er det kanskje nett det det er 🙂

I dag har eg hatt den beste bursdagen eg nokon gong kunne tenkt meg. Eg fekk fine klede, god karakter på ein stil, to bøker, to CD’ar, to ekstremt tejsti kaker, og ei overrasking frå nokre av dei beste menneska på jorda. Tusen hjarteleg takk, alle saman. De er utrulege.

No skal eg berre symja i lukka medan eg har ho. God natt!

>Nytt år, nye klisjéfylte oppsummeringar

>No kunne eg ha kopiert og limt inn «året som gjekk»-undersøkjinga frå fjesbok, men eg gir heller ei lita oppsummering, og litt til. (Eg er så original.)

I 2008:
– var eg singel heile året.
– tilbrakte eg 3 veker i kjærleiksbyen og åt den beste maten i verda og snakka det vakraste språket i verda (bortsett frå nynorsk, så klart) og vart betre kjend med ei livsviktig og nydeleg veninne.
– byrja eg å skriva dagbok att, og fann ut at det var litt greitt.
– vart eg medlem av NMU, noko som har hatt store konsekvensar på særs mange område.
– fekk eg mange nye vener, somme veit eg er permanente.
– var eg misnøgd med mykje, men nøgd med meir (trur eg).

I 2009:
– skal eg ut av den vidaregåande skulen og flytta heimefrå.
– vert Barack Obama president i fedrelandet mitt og Sarah Palin er arbeidslaus (ikkje heilt då, men ho bur i alle høve ikkje i Det kvite huset og kjem ikkje til å gjera det heller).
– er den nye ekteskapsloven vedteken og EG ER FOR! I tilfelle de er i tvil.
– kan så mykje godt skje, om me er opne for det.

Dette er år 2009. Kjem me til å hugsa det?