>Tida har slutta å vera fienden min for ei stund.

>Idag har eg hatt eit nært og traumatisk møte med fortauet. Konsekvensen av det var at eg fekk ein kopp med Twinings Organic Tea då eg kom heim. Noko godt kjem alltid av noko vondt ^^

Har endeleg gjort meg ferdig med boka «Eat, pray, love», som er mykje betre enn ho høyrest ut. Ei kvinne reiser til Italia for å finna «pleasure», India for «devotion» og Indonesia for balanse. (Eg slit med å finna gode norske ord, som de ser.) Eg er inspirert til å gjera noko lignande, ein vakker dag.

Lesedagar er fine. Særleg når ein ikkje heilt veit kva ein skal lesa på, og difor nyttar tida til kjekke ting. Og eg elskar å ha god tid til frukosten. Låt det aldrig ta slut.

>"Hjertevarme, julespas og juuulestas"

>Kva er betre enn ein dag med berre filosofi, peparkaker, kultur og gode vener? Det er vanskeleg å koma på noko.

Sjekk ut denne franske adventskalenderen og syng og smil. Det gjer godt å vera eit barn nokre minutt om dagen. (Bra er det for fransken òg, dersom det er aktuelt for deg.)

Eg samlar på julesongar på alle språk. Kommentér om du har ein fin song til meg, eller fleire =) han kan handla om Jesus eller nissen eller kva som helst.

Og hugs å tenna to lys.

>Eg kjem ikkje til å skriva eit blogginnlegg kvar dag i adventen.

>Og det er kanskje like greitt for dykk. Men akkurat i dag vil eg skriva eit litt seint Thanksgiving-innlegg. Sidan eg er amerikansk av opphav, har eg lov til det. På sjølve dagen sat eg forresten og skreiv på særemnet, men eg fekk gresskarpai, då =)

Eg er takksam for:

Gud (okei, to innlegg på rad kor eg nemner Gud, diil vitt itt)
familien min (ja, faktisk! Men dei irriterer meg grenselaust.)
venene mine (sans eux je serais perdue)
at eg bur i Noreg (og ikkje til dømes USA. Det er eit greitt land, det òg, altså. Men Noreg er mykje tryggare. Pluss at eg då sannsynlegvis ville vore einspråkleg.)
skulen min (med flinke lærarar og høge krav – eg har godt av det)
helsa mi (som faktisk er ganske grei, trass i at eg ofte trur ho ikkje er det)
musikk, litteratur, kunst og dei (som kan formidla kjenslene mine betre enn eg sjølv kan)
mat (som held meg levande og ofte gir meg mykje glede, til dømes når eg er i Paris)
blogglesarane mine (som held bloggen min i gang. Heilt sant!)
at eg er singel (det hadde de ikkje trudd! Ikkje at eg hadde hatt noko imot å ha ein kjærast, men på denne måten er eg jo fri til å flørta med kven eg vil.)
at særemnet er over (de aner ikkje kor letta eg er. Seriøst.)
at det finst ein julekalender på norsk fjernsyn som har min type humor (då meiner eg ikkje Blåfjell. Tipp tri gonger.)
[prøver igjen, lagt til 3. desember] nynorsken (me har endeleg funne kvarandre og det er ein livslang kjærleik.)

No har eg forventningar om at ein periode med mykje glede og tid til dei eg er glad i skal byrja. (Innfløkt setning.) God advent, alle saman!