>Neste år?!

>Dersom du ein gong skulle kjeda deg så mykje at du ikkje aner kva du skal finna på, så veit eg nøyaktig kva du kan finna på. Du kan vitja desse folkehøgskulevevstadene! Og fortelja meg kva inntrykk du får. Dei som (eventuelt) faktisk gidd å gjera det, får ein premie. Ingen veit kva premien er. Om du berre skriv bittelitt om nokre få av skulane, så får du likevel premie. På førehand takk og eg diggar dykk.

P.S. Dersom du les dette og faktisk har gått på folkehøgskule sjølv (same kva for ein, det treng ikkje vera ein på lista), så kvifor ikkje fortelja meg litt om det? Både positivt og negativt. Eg veit det var gøy. Men eg veit òg at det ikkje var perfekt. Fortel! (Og for all del ikkje gløym å seia kva for ein skule det var.) På førehand osb.

P.P.S. Den aktuelle linja står i parantes.

P.P.P.S. Innlegget er redigert 10. januar 2009.

Follo (dans)
Fosen (økopilot)
Fredtun (søm)
Hardanger (design)
Manger (folkedans)
Nordhordland (Pilates og dans)
Olavskulen (kreativ gjenbruk)
Sagavoll (dans)
Seljord (tekstil)
Skiringssal (design)
Skogn (søm og design)
Sunnhordland (dans)
Trondarnes (mote og design)

16 tankar om “>Neste år?!

  1. >Eg voks delvis opp på Olavskulen. Far min var lærar på det som då vart kalla videolina nokre år og seinare rektor. Er framleis med på julebordet der dei åra eg kan. Likar skulen. Godt miljø og veldig flinke lærarar. Det er det eg veit 🙂

  2. >Eg lyt segja Canada, Island, og Latin-América høyrest gildt ut, men du ville ikkje til Sud-América, elder? USA er nog gildt, det au, men eg likar ikkje det landet so godt … orsak. I Canada fær du jo nytta både engelsk og fransk, og på Island fær du nytta islendskt/norrønt um du vil. 😀 Eg var i grunnen berre innom dei ferdarstadene, men det var det som fenga meg.Kva er skilnaden på ein folkehøgskule, høgskule, og eit universitet? På islendsk heiter jo «universitet» «háskoli» (há=høg).

  3. >Birgitta: så kjekt! 🙂 Eg har ikkje høyrt så mykje om den skulen frå «innsidefolk» før, så takk for innspelet!»Svevn»: Latin-Amerika er no ikkje blant alternativa mine, men for å svara på spørsmålet ditt så har eg eigentleg aldri vurdert Sør-Amerika, nei. Det hadde nok vore spanande, det òg, men der er nok andre stader eg heller vil først. Eg har jo eit spesielt forhold til USA, og likar meg godt der. Men du har eit poeng om Canada, det er heilt klart ei føremon, det med fransken.Ehm, ein høgskule er eit «wannabe»-universitet. Dei har mindre omfang av fag, mindre klasser, meir prosjektarbeid… men ein kan formelt sett ta den same utdanninga på høgskule som på universitet. Folkehøgskule er noko heilt anna. Det er eitt år med moro! Utan eksamenar og karakterar og slikt mas. Ein kan gjera kva ein vil. Eit «sabbatår», om du vil, eller som eg seier: leir heile året 😀

  4. >HeiSøm & Design på Skogn fhs. Vi prøver å få til en studiereise til Vietnam skoleåret 09/10.Hanne på Skogn fhs

  5. >Eg stemme for at du blir med meg t Nidaros og går på Hud og spa 🙂 Strengt talt så tror eg du kan velga og vraka mellom valgene, alle tingene e litt typisk deg, men kanskje spesielt de som hadde med dans og musikk å gjør 🙂

  6. >"Svevn": Nei, det er det ikkje. Men mange arbeidsgivarar tykkjer det er ein føremon med eit folkehøgskuleår. Og ein lærer jo masse :)Hanne: Å, stiligt! Kjekke studieturar er alltid bra :)Monique: Eg trur det er di greie 😛 men veldig kult val, det skal du ha. Ja, det kan vera du har rett i det, men då er spørsmålet om eg skal ta noko eg allereie veit eg liker, eller ta ein sjanse på noko "nytt". Noko heeeilt nytt blir det uansett ikkje (eg har eliminert bil&mekanikk, for å seia det sånn :P)

  7. >Då tykkjer eg du skal ganga for eit år i utlandet. Sjølv hadde eg vald Canada og Island, men du sér sjølv. Eg veit ikkje med deg, men eg tenkjer du like godt kann taka det heilt ut og vera so langt frå «vanleg skule» som råd.Når det er sagt er det jo gildare for oss her i Noreg um du vert verande, men det er ikkje oss du skal velja for. Ingen kann vel klandra deg kva du enn vel.

  8. >Det er førebels ikkje snakk om eit år i utlandet, det gjer eg isåfall seinare. Dei stadene som står i parantesane er stader som skulen skal vitja, og læra om. Elles er det sant det du seier, eg er berre ute etter innspel, ikkje at nokon skal velja for meg 😉

  9. >Ja eg veit eg vil! Altså Canada e jo bare supert(ettersom det ligge der med USA men ikje e det så derfor e det perfekt!), men friluftsliv i kalde våte Canada? Nei takk! Deretter konkursrammede Island? Då konne du jo bare dratt te Øst Berlin på 80-tallet. Det du vil e å dra te AFRIKA eller ASIA eller Danmark dersom det e mulig. Afrika og ASIA for det e sånne plasser ein ikje drar te, og Danmark fordi de e så koselige der nere! Og ikje någe kjerringarbeid, og ikje friluftsliv, men alt i mellom!

  10. >Haha 😛 igjen, takk for framlegga, men eg treng ikkje fleire NYE idear, for eg har meir enn nok med dei eg allereie har. Og kva meiner du med kjerringarbeid, eigentleg? :P(Danmark har eg elles tenkt litt på når det gjeld universitet, men ikkje før det. Neste år skal eg på folkehøgskule, i Noreg. Eg veit berre ikkje kva for ein.)

  11. >Hehe kjerringarbeid ja, eg føle meg nesten litt dum som tog det opp:P Eg e fan av kjønnsroller(e ikje det, men bare sånn at det forsvare meiningene mine så seie me at eg e det!) så derfor e kjerringarbeid tekstilarbeid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *