>Ordfetisjist, men framandlending

>Helene Uri er ordfetisjist. Det er eg òg. Eg elskar mange ord, til dømes vonbrot, duppeditt, klimpra, melodi, hjarte, lagnad, konsekvens, abstrakt, utopi, pluskvamperfektum (kunne gjort dette heile dagen!). På den andre sida er det somme ord eg hatar, til dømes bleie, skjød, og «tissue» på engelsk.

Men i det siste har eg merka at eg er framandlending. For der er nokre ord i det norske språket som eg høyrer stadig oftare, som eg rett og slett ikkje veit kva tyder. Eg kjem berre på to av dei no, men de får ei oppdatering dersom eg plutseleg hugsar fleire. *pustar inn* Orda «jamfør» og «føring». Eg veit ikkje kva dei tyder. Merkeleg nok inneheld båe orda «før». Hmmm.

Redd meg frå vankunna!

>Skjedd og skal skje

>Eigentleg har eg ikkje tid til å skriva dette innlegget. Men eg gjer det for det.

Førre veke var eg 3 dagar i Lillehammer. Der leikte eg diplomat, eller noko. Snakka engelsk, vart kjend med sære folk frå heile landet, diskuterte politikk og kultur og utdanning, laga resolusjon, og debatterte. I tillegg til teite men morosame leikar og songar som berre passar seg i ein slik organisasjon (eller NMU, så klart) og lite svevn og dårleg mat. Men det var gøy, altså!

Etterpå måtte me (eg og Simen) skunda oss til Oslo for å gå på Coldplay-konsert! Jasmin og Benjamin var der allereie, og det tok litt tid før me fann dei i Spektrum, men det gjekk til slutt. Konserten var heilt fantastisk. Kva meir kan eg seia.

Så var det bursdagsfeiring (Jasmin) og middag på irsk pub, etterfølgt av Jasmins første tur på polet. Ho fekk gratulasjon av kassedama. Resten av kvelden gjekk til å tømma innkjøpet…

Men no er me komne attende til røynda (er det rett ord?) og har cirka 100 gjeremål og cirka null tid. Dette er så deprimerande at eg må nesten laga ei liste over ting eg gler meg til. Tek berre det som skjer før nyttår.

– helga med to bursdagar
– Relax-leiren
– haustferien
– mang.sem.
– pikekorkveld
– juleferien

Var det litt stusseleg?

>No for tida…

>… ser eg på det som livsoppgåva mi å retta på språklege (og andre typar) feil, fordi eg meiner at godt språk gjer verda til ein god plass å leva, medan dårleg språk høyrer heime i avgrensa typar humor og er reservert språkfrikar.
… tykkjer eg ein kompliment om bloggen min frå veslesøstera til veninna mi er verdt meir enn all løna eg kunne fått dersom eg hadde deltidsjobb i staden for å bruka tid på å skriva uinteressante ting om meg sjølv på ei vevside.
… gjer eg alt eg kan for å unngå å tenkja for mykje på ekle ting, til dømes kjærleik, og bruker heller tida og hjernekapasiteten min på fornuftige ting, til dømes FreeRice og Wikipedia.
… er eg livredd for at eg aldri skal klara å velja folkehøgskule (og linje) og universitet (og linje) og hatar eliminasjonsmetoden.
… kjem gamle interesser fram att i lyset og eg har ei lang liste over interesseorganisasjonar eg vil vera medlem av når eg har pengar til alle kontingentane.
… prøver eg å planlegga russebuksa og russekortet, oppdager at eg ikkje har plass til alt, får problem med å visa kven eg eigentleg er, og alt dette fører til identitetskrise og at eg hatar eliminasjonsmetoden endå meir.
… bør eg kanskje skriva norskstil.

>Å ja, ja, byen e» Bergen…

>I helga har eg vore så heldig å få eit skikkeleg godt inntrykk av Bergen. Det har vore sol! Akkurat som byen prøver å visa seg frå den beste sida for å få meg til å flytta dit.

Eg var altså i Bergen for å vitja Andrew (sjå! eg brukar namnet hans!) og feira at han er ferdig med bachelorgraden sin. Fekk gå på ein morosam seremoni (det var mest morosamt av di talarane var særs dårlege) og sjå studentsenteret (med fin bokhandel som fint kunne vorte min 2. heim) og treffa romkameratane. Dei er dritkule.

Bergen er digg når sola skin. Men eg veit at det slett ikkje alltid er tilfelle.

>Hår og tær

>(Etter førespurnad frå Lisabeth)

Tær
Tærne sit på enden av føtene. Dei fleste menneske har to føter, og fem tær på kvar fot. Det er vanleg at den inste tåa er ganske mykje større enn dei andre. På tuppen av tærne finn me noko som heiter «negler». Desse veks ganske fort, og kan stikka hol i sokkane om ein ikkje klipper dei jamleg.

Sjølv har eg ganske lange tær. Dei er ekstremt kjenslevare, men samstundes ikkje. Viss nokon kiler meg på tærne, kan eg nesten verta aggressiv. Men det kan òg kjennast godt. I kontakt med golv er eg takksam for at huden under tærne mine er høvesvis hard. Fanga i tåspisskor skrik dei og får av og til krampe. Men dei klarer no å halda meg oppe 🙂

Eg tykkjer det er herleg å gå utan sokkar heime og la tærne kjenna etter på golvet og slikt. Og om natta må tærne vera frie for alt som heiter sokkar. Dei toler det ikkje, jamvel ikkje om vinteren. Tærne mine likar generelt fridom, men kanskje ikkje i det offentlege. Dei er litt blyge.

Hår
Håret er noko merkeleg. Det finst ofte i større mengder på toppen av menneskehovudet, og kan vera langt, kort eller nesten ikkje-eksisterande. Nokre få menneske har ikkje hår på hovudet, dette kan vera eit medvite val eller eit resultat av kroppslege «tekniske feil». Men hår finst òg på andre delar av kroppen, og det er ikkje uvanleg å fjerna noko av dette. Mange unge kvinner vel å gjera det av estetiske eller andre grunnar.

Mitt hår (på hovudet) er no ganske langt. Eg trur faktisk det er det lengste det har vore nokosinne. Det er ufarga, og har alltid vore det. Vanlegvis går eg med det laust, men frå tid til annan tykkjer eg det er praktisk å halda det vekke frå andletet med noko som kallast «strikk».

Nokre menneske er «hårkjære», det er ikkje eg. Men eg mistar ein del hår, difor er eg skeptisk til å la andre menneske fikla med det. Viss du får fikla med håret mitt så stoler eg på deg. Den dagen du får fletta håret mitt, då kan du vita at eg er glad i deg. (Med mindre du er frisør.)