>It won’t be long till happiness steps up to greet me

>Eg fekk 6 på franskeksamen, og eg er nr. 3 på vervetoppen. Eg berre nemner det. 🙂

Elles har eg funne ut at eg ikkje orkar å prøva å oppsummera kva som har hendt sidan sist. Eg vil heller seia noko om kva som kjem til å henda. Eg kjem til å overraska meg sjølv, og verda kjem til å overraska meg. Ei forandring kjem. (Dette vart litt Tony i West Side Story. Hm.) Sidan «planen» ikkje gjekk så bra, er det berre rettferdig om noko anna skjer. Og det gjer det nok. Eg gler meg!

Heilt konkret så skal eg reisa til Paris på sundag. Eg har droppa Skjærgårds (med Jars of Clay, for søren!!) og sumarleir med NMU (med sjølvsagte føremoner, hihi) for å gjera dette. Det bør verta bra! Og det gjer det nok.

Etterpå har eg ingenting å gjera. Eg har ikkje jobb, eg har ikkje fleire planar, eg har ikkje ein fantastisk idé til særemnet som eg kan byrja å skriva på. (Det tyder ikkje at eg ikkje skal prøva, men) difor har eg masse tid til å gjera Kva Eg Vil. Og kva det er, vel, det kjem i eit anna innlegg.

Til slutt litt «metafiksjon» som ikkje er fiksjon. No når eg skriv dette, klarer eg ikkje irritera meg over at det eg skriv ikkje vert lagra undervegs. Kva har hendt? Det var jo den beste funksjonen med heile greia! Nesten. Dette er ikkje bra. Kva om dataen min hadde skrudd seg sjølv av no? Då måtte eg jo ha skrive heile innlegget om att. Huff og huff.