The Dictator – ei slags filmmelding

I går var eg ei av 20 personar som fekk sjå The Dictator som dei første i Noreg. Det var ei spesiell visning for «vanlege» brukarar av sosiale medie. Me fekk òg sushi, sprudlings og jordbær. Etter filmen var det øl og prat, og eg oppdaga at desse folka var ganske kule.

The Dictator er, som de sikkert veit, det nyaste påfunnet til Sasha Baron Cohen. Dette gjorde meg by default litt skeptisk, fordi eg ikkje likte Borat noko særleg (eg trur humoren min har evolva ganske kraftig sidan den kom ut, då). Elles visste eg ikkje kva eg skulle forventa i det heile.

Filmen handlar om ein diktator, Aladeen, som havnar i trøbbel fordi broren (?) hans prøver å få innført demokrati i landet deira. Ein amerikansk torturist barberer av han skjegget, og då er det ingen i New York som kjenner han att. Han må byrja å jobba i ein fairtradeøkologiskfeministiskaltmoglegpolitiskkorrekt butikk i håp om å få kome seg inn på FN for å stansa signeringa av ei ny grunnlov. Sjølvsagt fell han for den hårete butikksjefen som er sjølve representasjonen av demokrati. Dette blir vanskeleg.

Konseptet i filmen er ganske morosamt. Det at protagonisten vår er ein dum diktator legg til rette for ganske mykje latter. Og det blei det. Filmen er full av overraskande morosame augneblinkar: Når ein pasient får høyra at han er HIV-Aladeen og prøver å skjøna om det er gode eller dårlege nyhende, når Aladeen påpeikar kor utdaterte torturinstrument som er i ferd med å bli brukt på han, og den superkleine bruken av songen A moment like this… berre vent og sjå.

Så var det vel ikkje anna å forventa enn at slutten blei som den blei. Eg skal ikkje røpa noko i tilfelle de vil leva i eit slags håp om at den vil overraska, men eg måtte himla litt med augo. Likevel sat eg att med kjensla av å ha blitt grundig underhaldt og at SBC igjen hadde greidd å vera original.

Undervegsvurdering

Først kan eg nemna desse her nyttårsforsetta mine. Dei går vel så som så. Førebels ligg lesinga greitt an, både det skjønnlitterære og det faglege får plass, og eg er blitt raskare til å lesa, så det er kjekt. Eg lagar bittelitt meir mat sjølv enn i fjor, og litt meir spanande enn i fjor. Dette har forbetringspotensiale. Dansing har det blitt forsvinnande lite av, og det skal eg gjera noko med. Brevskrivinga kjem seg!

Så er det eitt nyttårsforsett eg på ein måte er glad for at backfire’a. Eg skulle «chillaxa med jakta på kjærleiken». Det gjorde eg forsåvidt òg, eg prøvde ikkje spesielt hardt å «finna nokon», men likevel dukka det opp eit fantastisk menneske som fekk meg til å drita i at eg eigentleg ville konsentrera meg om andre ting enn dating ei stund. Ehe. Eg kunne rett og slett ikkje noko for det! Meir om han seinare, kanskje.

Desse to åra på Blindern har lært meg eit par ting om meg sjølv. Eigentleg mange ting, men nokre har konsekvensar for livet mitt og framtidsplanane mine. 1) Eg er nerd. Spesielt når det gjeld språk. 2) Eg har meir til felles med realistar enn humanistar, sånn generelt. 3) Eg er eigentleg litt oppteken av jobb og sånn likevel. 4) Eg vil ikkje bu i Oslo resten av livet.

Konsekvensane av dette er kanskje at eg kjem til å søka meg inn på informatikk om eit år. Så skal eg kanskje bruka nokre år på det, før eg flyttar til ingenmannsland.

Det er vel fleire ting som kunne undervegsvurderast og rapporterast og slikt, men no tar eg kvelden.

Ein snutt

I natt vakna eg med ein av favorittsongane mine på hjernen. Då eg ikkje fekk sova att med ein gong, byrja eg plutseleg å spontanomsetja, og eg tykte det funka litt!

du er i blodet mitt som heilag vin
smakar bittert, smakar søtt
eg kunne ta ein overdose av deg
og framleis stå like støtt

Få ting gjort

Her om dagen såg eg ein video der ei jente på om lag min alder skulle nemna ting ho var flink til, og det eine ho nemnte var at ho var flink til å få ting gjort. Ho hadde rett og slett ikkje det problemet (eller den uvana) eg trur veldig mange av oss (kanskje særleg studentar) har: Prokrastinering. Oi, tenkte eg då. Tenk å vera slik som henne. Seinare (i dag ved lunsj) snakka eg med to bra damer om kor skadeleg, sårande, frustrerande og slitsamt prokrastinering kan vera. Etter desse to hinta tenkjer eg:

Eg må ta grep.

Men korleis tar ein grep, og får ting gjort? Eg trur ikkje det er så enkelt som til dømes mange utålmodige foreldrar seier det, at det berre er å skjerpa seg og berre gjera det. Eg trur det ligg noko frykteleg vanskeleg bak, og eg trur det krev ei omveltning og ein heilt ny tankegang for å snu vana. Men eg veit ikkje kva slags omveltning og kva slags tankegang.

Tel det som prokrastinering å lesa seg opp på prokrastineringspsykologi?

Irrasjonelle grunnar til at eg lengtar etter å bu aleine

sleppa at nokon veit kva tid eg la meg og kva tid eg sto opp

sleppa å prata når eg har ein dårleg dag

kunna gå i pysjamas eller undertøyet eller naken og vera viss på at ingen plutseleg kjem

kunna ha tinga mine kor eg vil

kunna vaska klede og dusja når eg vil

vera aleine på kjøkkenet når eg lagar mat

sleppa å føla meg mindreverdig når eg lagar ferdigmat

kunna sjå videoar, prata i telefonen osb utan å måtta sitja på rommet og/eller ha øyreproppar

sleppa å koma heim til uventa gjester

sleppa å føla at ein må seia det er greitt når medbuar vil ha vors midt i veka

kunna ta imot sofasurfarar

sleppa å spørja om det er greitt når eg vil ha besøk

sleppa å føla meg som ein supernerd når eg sit og tastar medan medbuarar skravlar

sleppa å føla at eg må eta superfort så eg kan rydda kjøkkenet så medbuarar kan laga mat

sleppa å seia hei og hadet når eg berre vil gå og koma ubemerka

Lengtar du etter å bu aleine? Eller lengtar du etter å bu saman med nokon? Kvifor? (Irrasjonelle grunnar er like gode som rasjonelle.)

Kvardagen post-kyssesjuka

Jamvel etter ein er friskmeldt kan kyssesjuka sitja i kroppen veldig lenge. Eg blir framleis ganske lett sliten. Dette er eg ikkje vant med; i haust greidde eg å gjera hundre ting kvar dag og løpa frå møte til møte og eg var i stadig rørsle. No går ikkje det an. Frå dag til dag må eg bestemma meg for om eg orkar å gå ut av leilegheita, om eg orkar å gjera alt eg hadde tenkt eller berre noko av det, eller ingenting, eller, ja. De skjønar.

Men eg er med i eit prosjekt der ein blir utfordra til å prøva noko nytt kvar dag, og veldig mange av desse tinga er veldig overkomelege, sjølv for ein «recovering» som meg. Til no har eg fullført desse oppdraga: (fritt tolka og omsett)

- Destination unknown: Ta den første bussen til endestasjonen og utforsk. Eg tøyde reglane og tok den første t-bana til endestasjonen (som var Bergkrystallen), og det eg fann var ein Rema1000. Eg bestemte meg for å sjekka om dei hadde noko der som min lokale butikk ikkje har, og eg fann peanøttkjeks. Så eksotisk.

- Read-a-thon: Finn fram ei bok som har samla støv og les så mykje du rekk av den. Eg hadde lenge hatt lyst å lesa Little Women på nytt, så eg lasta ned e-boka (eg hadde ikkje ete på fleire dagar, så eg hadde ikkje styrke nok i armane til å halda oppe ei reell, fysisk bok) og las nokre kapittel. Den er himla fin.

- Here comes the sun: Sjå soloppgangen og solnedgangen og nyt augneblinken. Eg tok med meg ein av favorittmenneska mine på tur i Frognerparken på kvelden, og me fann verdas finaste solnedgang. Det var litt magisk. Eg fekk diverre ikkje sett nokon særleg soloppgang pga teite skyar, men eit par morgonar seinare såg ein utruleg fin ein frå kjøkkenvindauget og eg gløymte heilt kva eg hadde gått på kjøkkenet for.

- Tourist for a day: Ver turist i din eigen by. Denne fullførte eg same dag som solnedgangen. Først gjekk eg på min lokale kafé og prøvde maten og kaffien deira. Begge var ganske god. Så gjekk eg altså tur i Frognerparken. Det var det eg orka den dagen, men det kjentest som ein passeleg turistete dag.

- The eye-opener: Les eit blad du vanlegvis ikkje ville vald. Eg las eit svensk blad om kongefamilien/-familiar. Det var mange fine kjolar, men elles… ikkje så innhaldsrikt.

- Ah, sweet silence: Prøv å la vera å prata så lenge som mogleg, eller å teia i ein situasjon der du vanlegvis ville snakka ein heil del. Eg sat med ein gjeng som diskuterte utdanning og politikk og sånn og sa nesten ikkje eit kvekk.

No nærmar det seg slutten av januar, og eg kjenner på at eit prosjekt som dette burde funnest heile året. Så eg skal prøva å halda fram med det. Når eg er sjuk/postsjuk er det vanskeleg å ha faste forpliktelsar, fordi forma er så variabel. Men det går alltid an å gjera småting. Difor skal eg gi meg sjølv små (og kanskje iblant større) utfordringar jamnleg framover. Eg trur det er veldig sunt å prøva nye ting så ofte ein kan. Følg med om du vil.

Obligatorisk nyttårsinnlegg

DEL 1. LESING

Frå studiestart (i august) til i dag har eg lese iallfall desse bøkene (eg kan ha gløymt nokre få):

John Green: Looking for Alaska
John Green: An abundance of Katherines
Miranda July: Noone belongs here more than you
John Green: Paper Towns
Kristina Leganger Iversen: Hjartemekanikk
Lene Ask: Hitler, Jesus og farfar
Jon Fosse: Andvake
Sigrid Merethe Hanssen: Ingen heime
Alle vil hjem. Ingen vil tilbake
Jens Bjørneboe: Uten en tråd
Nick Hornby: Juliet, Naked
Ragnar Hovland: Under snøen
Neil Gaiman: Odd and the frost giants
Mary Shelley: Frankenstein

og ein heil del fagbøker, så klart. Det er ikkje så mange som eg helst ville, og det er nesten berre veldig korte bøker :P – men det er fleire enn førre semester og det har byrja å gi meg lesegleda tilbake. Sånt er fint!

I 2012 skal eg lesa endå meir.

DEL 2. MAT

Sidan eg flytta inn i ei leilegheit med eit ikkje-klaustrofobisk kjøkken, har eg laga eksponensielt meir mat enn før. Men eg har ikkje vore spesielt kreativ. Matpakkeprosjektet gløymte eg eigentleg heilt. Frykteleg teitt av meg. Likevel! Dette er ein slags siger. Grønsaker har blitt brukt. Kjøkkenutstyr har blitt brukt. Dette er bra.

I 2012 skal eg bli endå flinkare på å laga mat, og eg skal prøva å gjera det litt meir spanande. (Når eg blir frisk og får matlysten tilbake.)

DEL 3. KJÆRLEIKEN Å DI

Ikkje berre i 2011, men alltid, har eg vore ganske obsessed med å «finna nokon», og det har jo vore ein slags virvelvind, eller berg-og-dalbane, eller noko. Eg trur eitt av dei største problema med dette prosjektet er at eg alltid følgjer opp vener og veninners krav om å haldast oppdaterte, og vel så det, og pratar for mykje om ting som aldri blir noko av. Eg lever meg så veldig inn i tanken på ei framtid med den det måtte vera. Det er nesten flautt.

Sjølvsagt tenkjer eg på nokon på denne nyttårsaftan òg, men eg trur ikkje eg kjem til å stressa med det der i året som kjem. Altså:

I 2012 skal eg chillaxa med jakta på kjærleiken. Eg har ikkje tid til det der uansett. Pluss at eg har kyssesjuka. Yikes.

DEL 4. GAMLE FORSETT

I 2011…

… skal eg flytta hit og få det mykje, mykje betre.
… skal eg syngja i Kor Major, som har vore på Beat for Beat og er kjempeflinke og kjende for å ha godt miljø i tillegg.
… skal eg dansa igjen, kanskje tango og hiphop for å utfordra meg sjølv litt ekstra.
… skal eg ta 70 studiepoeng om alt går som eg vil.
… skal eg skriva meir brev og dagbok.
… skal fantastiske ting skje. Berre vent og sjå.

 

Flytta dit gjorde eg. Kor Major syng eg i. Fantastiske ting skjedde. Så det er ikkje så farleg med det andre.

I 2012 skal eg faktisk dansa igjen. Eg skal ta 70 studiepoeng. Eg skal skriva brev og faktisk senda dei.

DEL 5. OMG

Korleis skal eg få tid til alt det her?

Elva

(Dette er Saras julesong 2011. Eg veit ikkje kvifor julesongane mine berre er triste. Ja ja. Originalen heiter forresten «River» av Joni Mitchell, og om de kjenner songen, kan de høyra for dykk at eg (eller ho) drar ut a-lyden i ordet «havet», liksom.)

det nærmar seg jula
dei høgg ned eit tre
dei tenner alle lysa
og syng songar om julefred
eg ønskjer denne elva
kunne bera meg

det snør ikkje her heime
det er grønt som om våren
eg må koma meg bort
vera ein annan stad i år
eg ønskjer denne elva
ville bera meg

eg ønskjer elva høyrte meg og
førte meg til havet
eg ønskjer denne elva
kunne bera meg
min sorg var alt eg gav

Advent 2011

Hekkan, så mange julekalenderar ein blir bombadert med om ein berre er innom facebook og/eller twitter 1. desember. Eg blir litt dårleg av det. Sjølv har eg meir enn nok med desse to adventskalenderane, som eg tykkjer er ganske fine:

1. ALTERNATIV JULEKALENDER

Noko av det verste eg veit med denne tida av året er klisjé-julesongane, iallfall no når det er såpass tidleg og eg er nokså langt frå å kjenna julestemning. Difor er det utruleg godt med ukonvensjonell julemusikk. Viss du er som meg, gå hit og meld deg på lista, så får du ein song kvar dag. I fjor var det ei fantastisk blanding av sjangrar og bodskapar og alt det der, og noko for einkvar smak. Og du og du så umaterialistisk og miljøvenleg det er!

2. O MISTÉRIO DE NATAL

I år les eg Julemysteriet på portugisisk. Eg prøver, iallfall.

Hmm, kva tyder cordeirinho?

Å ja, lam tyder det.